nyhende
Minneord om Bror Eivind Eriksen
Det var med sorg me fekk bodskapet om at Bror Eivind Eriksen (født 10. juli 1950) gjekk bort den 2. november 2025. Læraren, rektoren og bygdeforkjemparen var med i SV størstedelen av sitt vaksne liv. Han holdt på engasjementet og var aktiv i laget heilt til det siste, sjølv dei siste åra, då helsa skranta.
Som lærarstudent på Stord var han med ved skipinga av dagens Sosialistisk Venstreparti på midten av 70-talet. Han hadde frå denne tida fleire verv i lokallaget på Stord, inkludert ein periode som leiar. I 1991 var han med på å starta SV sitt første lokallag i Sveio. Sidan har han hatt ei lang rekke verv for partiet i Sveio, mellom anna som kommunestyrerepresentant frå 1999 til 2007.
Han vil bli hugsa av kameratar i Sveio SV for sitt engasjement for folk, kultur og levande bygder, og for si kunnskap, sitt humør og sitt vidd. Han vil bli sakna.
På vegner av Sveio SV
Olav Østebø Olsen, nestleiar