nyhende
Minneord om Bror Eivind Eriksen
«Jeg synger meg en blå, blå salme når dagen svinger hatten til farvel. Og ror med sakte åretak mot strender. Dit alle dager ror når det bli kveld. Der finner jeg min hvile ved treets trygge rot. Mens sankthansormer gløder grønt i gresset ved min fot. Da synger jeg min salme»
Dagane til Bror er komne til desse strendene og Bror har rodd sine åretak i livet. Ein gong var båten lettrodd. Det same var årene. Slik har det ikkje vore den siste delen av livet hans. Både årene og båten har vore tunge. Me visste at ein gong ville me missa han. Likevel verka dødsbodskapen uverkeleg.
Tenk, Bror er død, venen vår og studiekameraten vår. Kunnskapsrike og den alltid kunnskapsleitande Bror, med så utruleg mange interesser. Humoristen og humørspreiaren, og ikkje minst, var han den samlande: «Johannes, me må snart ha jubileum igjen. Vett du koss det e med di andre?» Menneskevenen, Bror.
Slik kan me halda fram: politikaren og samfunnsrefsaren, naturelskaren og litteraturelskaren. Me som gjekk i same klasse på lærarhøgskulen, har hatt mange høgrøysta samtalar om alt dette med Bror. Alltid med varme, glimt i augo, raushet og venskap. I ungdomen gjekk det mykje i politikk og litteratur. I seinare år har naturen, alt som spirer, gror og veks, vore det mest dominerande. Ja, planter, småkryp og større kryp, var viktige, men aller viktigast var menneska for Bror.
Hans kjærleik til sine eigne, store og små born, barnebarn og svigerbarn, var eineståande. Det same galdt elevar han hadde hatt. Og for oss, ungdomsvenene, visste me at i Bror hadde me ein ven for livet.
«Jeg synger meg en blå. Blå salme og takker for den grøde som ble min. For lyse døgn, for barneskritt i tunet og dine gode kjærtegn mot mitt kinn. Men óg for våkenetter som aldri unte ro. Men gav min dag et dunkelt drag jeg aldri helt forsto. Da synger jeg min salme» Erik Bye
Me lyser fred over minnet til Bror.
På vegner av klassekameratane frå Stord lærarhøgskule 1970 – 74
Johannes Landmark, klassekamerat