nyhende
367.500 kroner til lag i Sveio
Ti lag og organisasjonar i Sveio har fått gåver på til saman 367.500 kroner frå Sparebanken Norge dette året. Det største enkeltbidraget er på 90.000 kroner og gjekk til nytt flygel i Sveio kyrkje.
Tysdag var gåvemottakarar frå heile Haugalandet inviterte til ei samling i Sparebanken Norge sine lokale i Haugesund. Her var også mottakarane i Sveio godt representerte.
Mottakarane i Sveio
Dei som etter søknad har fått gåver frå banken dette året er:
- Tittelsnes Grendalag kr. 32.500 til hjartestartar og projektor
- Lid 4H kr. 20.000 til arrangørutgifter i samband med fylkesleir
- Sveio Drilltropp kr. 25.000 til treningshelger og kurs
- FAU Valestrand Oppvekstsenter kr. 20.000 til grøn møteplass på Valestrand
- Sveio Skulekorps kr 50.000 til nye althorn
- Lid Arbeidsstova kr. 20.000 til utandørs bordtennisbord
- Sveio Idrettslag kr. 50.000 til Torsdagskveldsen
- Sveio Kyrkelege Fellesråd kr. 90.000 til nytt flygel
- Førde Samfunnshus kr. 25.000 til varmepumper
- Førde Ungdomslag kr. 35.000 til utviding av møteplassen og halloween-feiring for alle
Annonse
– Frå nord til sør
– Som ein ser er store delar av kommunen frå nord til sør representert. Me vil gjerne at endå fleire blir merksame på at dei kan søkja Sparebanken Norge om tilskot til gode føremål, seier William Bråtveit Dagsland.
Han er rådgjevar i banken og sjølv opphavleg sveibu.