nyhende

Brannvesen og politi er på plass. Foto:Morten Vågset Møller
Brannvesen og politi er på plass.

Bil køyrde av vegen på spinnglatt føre

Ein bil har køyrd av E39 i nærleiken til avkøyringa til Liereidvegen. Var på veg sørover då den mista veggrepet.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Klokka 22.23 melder Sør-Vest politidistrikt at ulykka ikkje er noko sak for politiet, og at dei var ferdige på staden 21.53.

21.45: Bilbergar i gong med å få bilen opp på vegen, og E39 er akkurat salta på ulykkesstaden. Ambulanse har kome til staden og sjekkar sjåføren. Det er framleis manuell dirigering og eit felt ope. Det er ikkje mykje trafikk, så det er lite kø.

21.34 meldes det at Vegtrafikksentralen er informert. Dei vil senda saltebil så raskt som mogeleg.

Det hadde begynt å danna seg kø på begge sider av ulykka. Klokka 21.05 er eit køyrefelt opna, og det er manuell dirigering.

Klokka 21.45 er bilbergar i gong med å få bilen opp på vegen.

Store materielle skadar

Like før klokka 21.00 er brannvesen og politi på staden.

Singelulykke med ein person i bilen. Bilen skal ha køyrt i sørleg retning, fått sleng og køyrt av vegen på motsett side. Det er er store materielle skader på bilen, men føraren verkar uskadd, melder politiet klokka 21.00.

Det er store materielle skadar på bilen, men sjåføren har det heldigvis gått bra med.

Vestavind si journalist, på veg heim frå konsert i Valestrand, kom til staden like etter at ulykka hadde skjedd i 20.40-tida.

– Personen som sat i bilen er ute og ser ut til å vera i rimeleg god behald. Slik eg forstår det blir det difor ikkje sendt ambulanse, berre brannmannskap og politi, fortel han.

– Spinnglatt på vegen

Årsaka til ulykka er ikkje stadfesta, men:

– Det er spinnglatt på vegen. Så glatt at eg er litt usikker på om eg vågar å køyra vidare før det er gjort noko med vegen.

Ulykka skjedde her:

Powered by Labrador CMS