sport
Drilljentene tok heim EM-gull frå Italia
Sveio drill blei europameister i Baton Flag Senior og fekk ein flott 4. plass i Showtwirl Accessories Corps Junior i helga.
Noreg vann også Sportmanship award – landet som viser best sportsånd overfor andre nasjonar. EM vart arrangert i EM ble arrangert i Lignano Sabbiadoro i Italia.
– Helga har vore heilt fantastisk! Det er lite som kan toppa dette, det er ein draum som har blitt sann, kommenterer drillmamma og leiar Inger Emilie Panayiotou, på telefon frå Italia måndag føremiddag.
Sju land konkurrerte om palle-plass i «Showtwirl accessories junior». Sveio si gruppe beståande av 16 jenter i alderen 11-22 år, landa på ein flott 4. plass.
Sportmanship Award er prisen der alle landa stemmer på den nasjonen dei meiner har utmerka seg og utøvd god sportsånd.
Det norske landslaget har vunne denne prisen tidlegare, men i år var det færre utøvarar som reiste nedover. Det var difor ei gledeleg overrasking då Noreg blei ropa opp som vinnar og eit samla landslag kunne motta pokalen.
Feira med landslaget
I tillegg fikk Norge eitt bronse i Traditional Majorettes corps senior (Krystallen drill), og ein 5. plass i Traditional Majorettes corps junior (Mandal guttemusikkkorps).
– Dette var stort! Etter medalje-overrekkinga søndag kveld ordna foreldra med champagne (les: brus) og pizza for å feira, fortel Panayiotou.
Sidan sveibuane ankom Italia onsdag 9. oktober, har det gått i eitt. Sjølve konkurransen var på lørdagen og søndagen.
Det er framleis høg stemning i flokken når Vestavind tek kontakt på måndagen. Gradestokken ligg på eit par og tjue pluss, og reisefølget frå Sveio på totalt 45 personar, er på veg til Venezia på sightseeing. Onsdag var det heimreisedag.