Maren Kristine Lye Bårdsen (Ap), Anne Vierdal (KrF) og Sondre Natås Strand (KrF) er nokre av dei yngste i Sveio-politikken. Bildet er tatt på det konstituerande kommunestyret 14. oktober i år.
Maren Kristine Lye Bårdsen (Ap), Anne Vierdal (KrF) og Sondre Natås Strand (KrF) er nokre av dei yngste i Sveio-politikken. Bildet er tatt på det konstituerande kommunestyret 14. oktober i år. FOTO: Iris Elin Ullvang

Dei unge politiske røystene

Anne Vierdal og Maren Kristine Lye Bårdsen er dei yngste nyvalde kommunestyrerepresentantane i år. Det tar dei med knusande ro.

Ein kunne sjå det fleire stader i landet. Stadig yngre politikarar blei valde inn som representantar. 

Samstundes skal dei også kunne vera god for det. Det er desse to veldig klar over.

Travle kvinner

Anne Vierdal er berre 23 år og representerer Kristeleg Folkeparti i kommunestyret saman med Jarle Jacobsen. 

Ho bur vekselsvis i Sveio sentrum og i Bergen, kor ho studerar praktisk teologi og leiing på NLA Høgskulen. Forutan kommunestyret, sit ho i Sveio sokneråd, samstundes som ho jobbar 25 prosent som trusopplærar i kyrkjelyden.

– Kvifor har du valt å gå inn i politikken?

– Sveio KrF er god på å involvera medlemmene sine og som det ja-mennesket eg er så sa eg ja til å vera med litt, men blei raskt meir involvert. Eg tenkjer det er viktig å bry seg om politikk fordi det handlar om kvardagen vår. Politikk er spanande! Me må dela goder og dela byrder. Men så er det å få dette til. Alle har forskjellige saker dei brenn meir for enn andre og me må gi og ta. Kva er best for felleskapet? Kven eig sannheita og svara? Det å kunne påverka i saker eg brenn for og bygga vidare på KrF sin ideologi i ulike oppgåver og utfordringar, og skapa løysningar og gjera prioriteringar for å skapa eit best mogeleg samfunn for innbyggjarar og besøkande i Sveio kommune er viktig for meg, fortel Vierdal.

Maren Kristine Lye Bårdsen fylte 26 år i år, og kjem, som ho sjølv seier «frå toppen av golfbanen i Sveio». Slik som den nyvalte ordføraren, Linn Therese Erve, representerar også ho Arbeidarpartiet i kommunestyret. Ho er utdanna sosionom og jobbar på Haugaland A-senter, samstundes som ho tar vidareutdanning innan psykososial helse blant barn og unge. Utanom kommunestyret blei ho også valt inn som nestleiar for hovudutval for helse og omsorg. 

– Korleis endte du opp som politikar?

– Når eg tenkjer meg om så har eg alltid vore engasjert. Då eg var ungdom sat eg i ungdomsrådet, noko som eg ser tilbake på som veldig kjekt. Etter det har eg stått på lista til Arbeiderpartiet i to periodar. Den gong ganske langt nede på lista. I år fikk eg moglegheit til å rykka opp nokon hakk. Eg føler meg klar for å gi ein innsats for kommunen og til å engasjera meg litt ekstra. Om ikkje alt for mange år er det min generasjon som skal styra kommunen, då kan det vera nyttig å ha kunnskap og erfaring om korleis me skal sikra ei god framtid for kommunen. Det må og nemnas at det nok ikkje er heilt tilfeldig at eg valte å gå inn i politikken. Eg er vakse opp med at min far, Geir Malvin Bårdsen, sat i kommunestyret i fleire periodar. At det har bidratt til at eg i dag har valt å engasjera meg meir i politikken er det ikkje til å legga skjul på, fortel Lye Bårdsen.

Hjartesaker

Dei er begge einige om at dei skal prøva å gjera sitt beste for at sveibuen skal bli nøgd med kommunen. Men det er likevel nokre sakar dei brenn ekstra mykje for.

– God barnehage og skule! Ein god barndom varar heile livet, konstaterar Vierdal.

Lye Bårdsen er oppteken av helse og arbeidsplassar.

– Dei viktigaste sakene for meg er førebyggande helsearbeid innan skule og barnehage, vidareutvikla og skapa nye tilbod i kommunen. Me må sikra trygge og gode arbeidsplassar for folk som jobbar i helsesektoren og generelt i kommunen, med fokus på gode lønns- og arbeidsvilkår. Sveio treng en ordna økonomi som passer på at alle får dei rettigheitene dei skal ha. Me må også jobba for å legge til rette for en berekraftig utvikling og ei satsing på klimatiltak, seier ho.

Det har vore spanande, men mykje å setta seg inn i for dei nye folkevalte, men det var ingenting imot det å få vita at sveibuen hadde valt dei inn som representantar.

– Eg er audmjuk over å ha blitt stemt inn som éin av to frå KrF. Som den yngste i styret er eg klar for å representera ungdomen. Når utviklinga går så raskt, er det ekstra viktig å ha unge stemmer i kommunestyret. Ikkje berre for at ungdom skal bli høyrt, men også fordi det er den desidert beste måten å få eit samfunn uten framandfrykt og rasisme, og som trur på og ikkje minst gjer noko for ei grønare framtid, seier Vierdal.

– Å bli valt av innbyggarane i Sveio var ei stor tillitserklæring, som gir stor motivasjon til vidare arbeid. Eg opplever å ha beina godt planta på bakken, så ekstremt overveldande var det ikkje. Men med det sagt var det ekstremt stas å bli valt. Ein får jo ein tydelig stadfesting på at folk har trua på deg, avsluttar Lye Bårdsen.