– Far har det bra. Han bur framleis heime og klarar seg sjølv. Alt går fint, alderen tatt i betraktning. Han er ved godt mot og har framleis livsglede og ser fram til å fylla 105 år, fortel dottera Bjørg Elin Økland.
105-års dagen skal feirast med næraste familie; barn og barnebarn. Kona Målfrid Konstanse, døydde i 2013, etter at ho hadde vore to år på sjukeheim. Ekteparet fekk to born, Bjørg Elin og Magne Normann.
Bergens eldste mann
Nils Severin Økland er Bergens eldste mannlege innbyggjar. Han vaks opp på Eikeland i dåverande Valestrand kommune, som nummer tre i ein søskenflokk på seks. Foreldra var Nora (fødd Valen) og Gregorius Økland, faren var småbrukar og fiskar.
Jubilanten har hatt eit langt og innhaldsrikt liv. Han segla ute i åra 1929-1968, dei første åra i kystfart med fiske og småkvalfangst, og frå 1936 til 1968 var han i fart på alle hav.
Under andre verdskrig, i 1941, rømte han over til Shetland, der han blei utdanna kanoner og tenestegjorde i Sjøforsvarets skyttaravdeling for handelsflåten fram til krigen var slutt. Han var om bord då «M/T Daghild» blei torpedert i februar 1943, og han deltok under invasjonen i Afrika, Italia og Frankrike.
Etter krigen tok han styrmanns- og skipperskule i Haugesund, og reiste deretter som styrmann og skipsførar i 20 år, inntil han måtte slutta på grunn av krigsskade. Høyrselstapet var blitt for stort.
Dramatisk englandstur
Nils Severin var heime då tyskarane gjekk til åtak på Noreg 9. april 1940. I månadane og åra etter okkupasjonen var det mange nordmenn som flykta til England og melde seg til krigsinnsats, anten innan militæret eller handelsmarinen.
Nils Severin planla englandsturen saman med broren Gregorius, og søskenbarnet Theodor Økland. 13. oktober 1941 la dei ut med «Silden», ei 40 år gamal fiskeskøyte på 30 fot og 10 hestekrefters motor.
Det blei ein dramatisk overfart, Økland har skildra turen i sjølvbiografien sin:
– Båten var klargjort for fiske, og då me passerte den tyske vaktbåten i Bømlafjorden, og dei såg at me sat i oljehyre og agna liner, vinka dei oss vidare. Med fint vêr skulle turen vera unnagjort på rundt 30 timar, men så vel gjekk det ikkje. Neste dag blæs det opp til sterk kuling og høg straumsjø, kompasset var øydelagt, og me blei liggjande på vêret i nær to døgn. Me prøvde å styra mot sørvest slik at me ikkje skulle risikera å gå nord for Shetland og aldri finna land.
– Ein kraftig brottsjø over heile båten resulterte i vatn i motorrommet og stopp i motoren. Etter tre kritiske timar klarte eg å få motoren i gong igjen. Vêret hadde betra seg så mykje at me kunne gå med litt større fart, men me måtte vera varsame då båten var blitt mykje lekk. Ved hjelp av ei handpumpe, klarte me å halda båten flytande. Den tredje dagen såg me land, det var nesten ikkje til å tru, det viste seg å vera fyret ved innseglinga til Lerwick på Shetland! Her blei me tekne godt imot av norske og britiske militære, og me fekk mat og husrom.
Neste morgon var «Silden» søkkt ved kai, berre mastetoppen stakk opp av vatnet, noko som fortel sitt tydelege språk om den dramatiske overfarten.
50 turar i konvoi
I Skottland utdanna trioen frå Valestrand seg til skyttarar, og tenestegjorde i Sjøforsvarets skyttaravdeling for handelsflåten fram til krigen var slutt.
I løpet av desse åra hadde Nils Severin 50 turar i konvoi mellom USA og Europa. For innsatsen er han tildelt Krigsmedaljen, Deltagermedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje, samt fleire britiske utmerkingar.
Fortel livshistoria i bokform
Som pensjonist har Nils Severin Økland også skrive sin eigen sjølvbiografi. I bokmanuset fortel han ikkje berre om barndom, tidlege ungdomsår og krigen. Her brukar han også tid på etterkrigstida, om familien og om tida til sjøs som styrmann og skipsførar.
Sveio Kystlag har inngått avtale med Økland og familien hans om å gi ut boka, som også vil innehalda eit stort utval bilde. Boka om livet hans har fått tittelen «Kaptein Nils Severin Økland – aldri gi opp».
(Kjelde: Bjørg Elin Økland, Einar Vestvik og NTB)