Ein mista førarkortet 

Torsdag kveld hadde Utrykningspolitiet laserkontroll i 60-sona på E 39 ved Førde kyrkje.

I løpet av to timar vart det skrive ut 18 forenkla førelegg og gjort eit førarkortbeslag. Høgaste fart vart målt til 88 km/t. Det resulterte i inndraging av førarkortet i tre månader og ei solid bot. Dei andre som kjørte for fort slapp unna med bøter og prikkar i førarkortet.

Får du åtte prikkar i løpet av tre år, mister du førarkortet for eit halvt år.