Rein var rådyr

Klokka 04.37 laurdag ringde ein bilførar og melde at han hadde køyrt på ein rein ved rasteplassen på Hop. Rein ville vore ein aldri så liten sensasjon sidan dei held seg høgt til fjells, men politiet har notert i loggen at det truleg dreier seg om eit rådyr.

Dyret døde momentant i kollisjonen og låg i vegbanen på E 39. Politiet varsla viltnemnda som tok seg av saka vidare.