Baklukesal til inntekt for volleyballen.
Baklukesal til inntekt for volleyballen. FOTO: PrivatBilde 1 av 1

Aktivitetsdag med baklukesal

14. mars kan du kan finna skattar i bakluker og ved salsbord, eller slappa av med kaffi og bakst i kafeen på Vigdartun.

Lurer du på kva baklukesal er? Det er litt som ei blanding av salsmesse og loppemarknad. Konseptet er at ein betalar for ein stand kor ein kan selja brukte klede og sko, leikar, bøker, eller kva som helst, som eigenproduserte ting. Arrangøren får inntekter for leige av stand eller plass til bilen, medan seljar får inntektene av eige sal.

Påmeldingsfristen er 8. mars, og du finn meir info på Sveio IL sine nettsider. Påmeldinga er allereie godt i gong.

Inntektene frå aktivitetsdagen går til Sveio IL Volleyball. Målet er å få inn nok pengar til å dekka bussreisa til dei to volleyballaga som har kvalifisert seg til U15 NM 19.-22. mars i Førde i Sunnfjord.

I tillegg til baklukesalet og kafé, arrangerer spelarane ulike aktivitetar som lukkehjul og ansiktsmaling. Det blir også tilbod om familiefotografering der alt overskot går til volleyballen.