Thors Rike er sett på vent

I oktober 2017 hadde arbeidet med den storstilte temaparken Thors Rike pågått i seks år.

Prosjektleiar Terje Devold i Vikinglandet Utvikling AS sa den gong at kommunane i regionen måtte inn med minst 40 millionar kroner om prosjektet til rundt 500 millionar skulle bli realisert.

Eit år seinare sa prosjektleiaren at ein hadde private investorar, men dei ville ikkje gå inn før områdeplanen for det 1.800 mål store området i Sveio var klar og tomteprisen avklart.

Så vart det stille til Haugesunds Avis skreiv om Thors Rike sist veke.

Devold er ute av prosjektet, og til Haugesunds Avis seier Martin Laurhammer i Vikinglandet Utvikling at arbeidet med temaparken er sett på vent. Han understrekar at det ikkje er Sveio prosjektet står og fell på, og at kommunen har gjort ein god jobb.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) blei overraska over at Thors Rike er sett på vent, men planarbeidet vil likevel gå sin gang.

Når reguleringsplanen kjem opp til politisk handsaming i kommunestyret veit ho førebels ikkje.

I ein tidligare versjon av saka var Terje Devold omtalt som Tore Devold, det er no retta opp i.