Lillian Olsen smiler framleis, eitt år inn i salgsprosessen. Det tar tatt mykje lenger tid enn dei såg føre seg å bli kvitt leilegheita på Rophus.
Lillian Olsen smiler framleis, eitt år inn i salgsprosessen. Det tar tatt mykje lenger tid enn dei såg føre seg å bli kvitt leilegheita på Rophus. FOTO: Irene JacobsenBilde 1 av 5
Trur på oppgang: Bjørn Storebø hos Blink Hus Valvatne har 12 einingar til sals i Sveio om dagen. På blokka har han 50 til.
Trur på oppgang: Bjørn Storebø hos Blink Hus Valvatne har 12 einingar til sals i Sveio om dagen. På blokka har han 50 til. FOTO: Blink hus ValvatneBilde 2 av 5
For den som skal kjøpa eigedom i Sveio er det mykje å velge i om dagen. På finn.no ligg det ute omlag 70 å velje i. Ein av dei er denne nye lågblokka som er planlagt i Sveio sentrum.
For den som skal kjøpa eigedom i Sveio er det mykje å velge i om dagen. På finn.no ligg det ute omlag 70 å velje i. Ein av dei er denne nye lågblokka som er planlagt i Sveio sentrum. FOTO: Blink hus Valvatne Bilde 3 av 5
Villa ved sjøen: På Mølstre ligg denne eienebustaden til sals for 11,5 millionar, truleg den dyraste privateigedomen Meglerhuset Rele nokon gong har hatt i Sveio.
Villa ved sjøen: På Mølstre ligg denne eienebustaden til sals for 11,5 millionar, truleg den dyraste privateigedomen Meglerhuset Rele nokon gong har hatt i Sveio. FOTO: Meglerhuset Rele/Øyvind EikreBilde 4 av 5
Flott utsikt på Mølstre.
Flott utsikt på Mølstre. FOTO: Meglerhuset Rele/Øyvind EikreBilde 5 av 5

Leilegheita framleis til sals

– Me trudde ei leilegheit på Ropus skulle vere lettseld, seier Lillian Olsen. Eit år med til sals-skilt på veggen har gått. Framleis har det ikkje vore eitt menneske på visning.

Bustadmarknaden på Haugalandet går tregt. På Finn.no ligg det for tida ute rundt 70 bustader til sals i Sveio kommune. 

Likevel, talet på eigedomar som blir omsett er omtrent det same som tidlegare år. Skilnaden nå er at det ligg så mange fleire hus ute til sals, forklarer Marius Kallevik, dagleg leiar og eigedomsmeklar i Meglerhuset Rele.

– For dei som hadde tenkt at bustaden skulle vere ei sparebøsse går prisane feil veg. Mange må nok førebu seg på å selje med tap, seier han.

Har du ikkje seld i løpet av eit år må prisen ned, meiner Marius Kallevik, dagleg leiar og eigedomsmeklar i Meglerhuset Rele. FOTO: Meglerhuset Rele

Fordi statistikken heng etter viser ikkje denne delen av bilete heilt enno. Kallevik trur at om ein del av det som ligg ute til sals blir realisert, vil prisnedgangen slå enno hardare ut på statistikken.

Kva er så rådet til den som har prøvd i lange tider å selje huset sitt, eller som har tenkt å selje i løpet av våren?

– Ver aktiv sjølv, og heng på meklaren din. Å selje hus er eit samarbeid mellom seljar og meklar, begge to må gjere ein innsats, seier Kallevik.

På grunn av den store mengda hus som nå er til sals har kvar meklar ei mykje større portefølje enn tidlegare, ofte mellom 50 og 100 hus. Før hadde dei kanskje 15-25 kvar. Det seier seg sjølv at ein ikkje kan oppretthalde same trøkket på så mange eigedomar.

Hans råd er derfor å halde tett kontakt med meklaren, snakk saman jamnleg. Vurder om det bør gjerast justeringar i annonsa. Kanskje har det gått så lang tid er det er lurt å bytta snøbilete ut med sommarbilete av huset.

– Bli samde om å setje inn trøkket ein periode på ei veke eller to. Skjer det framleis ingen ting, vent og køyr på igjen når det har gått litt tid. Våg å sjå kristisk på eigen eigedom, og gjer ein innsats før visning. Fiks småtinga, rydd innkøyrsla, gjer det fint og innbydande. Men altså, det viktigaste verkemiddelet er prisen.

Har du ikkje seld i løpet av eit år må du gjere noko med prisen, meiner Kallevik.

– Erkjenn at det blei kanskje ikkje det utbytte du hadde trudd. Sett heller ned prisen og kom deg vidare, rår han.

Eitt år og like langt

Lillian Olsen og Odd Magne Lyngholm kjøpte leilegheit på Rophus i 2016. Dei såg på det som ein midlertidig stopp på veg mot huset dei leita etter. Etter tre år var dei klare for å flytte på seg, og våren for eit år sidan kontakta dei meklar. Sidan april 2019 har dei hatt til sals-skilt på husveggen. Dei har vore aktive, har delt annonsa på Facebook mange gonger, er nøgde med innsatsen til meklaren også.  Men ikkje eitt menneske har dukka opp på dei fire visningshelgene. Ingen har heller meldt si interesse.

– Me såg så mange fordeler med Rophus då me kjøpte her, og tenkte at det i neste omgang ville bli lettseld av dei same grunnane, forklarer Lillian Olsen.

– Det er 15 minutt til Haugesund, nabolaget er hyggelig, med mykje unge folk, mange barnefamiliar. Det tar fem minutt å gå ned til fjorden, til båt- og badeplasser. I tillegg har Sveio har lågare kommunale utgifter enn Haugesund. Det var mange gode grunnar til å kjøpa her, ikkje minst, leilegheita var billig. 

To av naboane deira i sameige har seld det siste året, begge gjekk for 200.000 kroner under takst. Det er mykje når utgangspunktet var 1.190.000 kroner. Ekteparet Olsen har ikkje dårleg tid, og vil heller venta enn å selje med tap. Eit alternativ er leige ut leilegheita og sjølv kjøpe hus. Dei har alt eit i kikkerten. Då det blei lagt ut var prislappen 2,6 millionar kroner, nå er den på 2,1 millionar. 

Villa ved sjøen: På Mølstre ligg denne eienebustaden til sals for 11,5 millionar, truleg den dyraste privateigedomen Meglerhuset Rele nokon gong har hatt i Sveio. FOTO: Meglerhuset Rele/Øyvind Eikre

11 millionar kroner

11,5 millionar. Den er truleg den dyraste privateigedomen Meglerhuset Rele har hatt i Sveio. På Kvalvågnes har dei også ein eigedom i det høgaste prissjiktet. Det einaste dei har til felles med leilegheita på Rophus er at dei heller ikkje har vore lettselde.

Villaen på Mølstre har eit bruksareal på 644 kvadratmeter. Eigedomen har strandlinje, naust, brygger og garasje. Tomta er på heile 6 mål.

Det har vore enkelte interesserte, fortel meklaren. Bergensarar på jakt etter feriebustader, og enkelte haugesundarar som drøymer om ein eigedom dei kan bruke som ein kombinasjon av feriebustad og hus.

– Kor mange aktuelle kjøparar er det til ein bustad til 11,5 millionar? 

– Fleire enn du trur. Det finst ein del folk som klarer denne summen,  og  ofte bur dei godt allereie, seier meklaren.

– Men det er likevel ikkje lettare å få seld dette huset enn eit hus på Krossleite.

Optimisten

Av dei 70 bueiningane på Finn.no i Sveio er Bjørn Storebø hos Blink Hus Valvatne ansvarleg for 12 av dei; Tre byggeklare tomter, ein prosjektert einebustad på Gjermundshaugen og ei blokk med ni leilegheiter i Sveio sentrum.

I tillegg har dei 50 nye einingar på papiret.

Storebø har tru på Sveio, sjølv om det går tregt om dagen.

For den som skal kjøpa eigedom i Sveio er det mykje å velge i om dagen. På finn.no ligg det ute omlag 70 å velje i. Ein av dei er denne nye lågblokka som er planlagt i Sveio sentrum. FOTO: Blink hus Valvatne

– Det stemmer nok at både Stord og Haugesund lir under overetablering dei siste åra, men eg meiner bestemt at det ikkje er tilfelle for Sveio, seier han.

Storebø selde ein einebustad rett før jul. Lågblokka i Hansabakken har vore ute på marknaden i seks månader, to har meldt si interesser. Det går ikkje raskt, men tempoet er heller ikkje noko som uroar husseljaren.

– Sveio er ikkje verdas navle, ting har alltid tatt tid her. Ein lik nimannsbustad som me nå skal byggje i Sveio har me alt sett opp på Stord. Der flytta det inn alt frå førstegongsetablerearar til godt vaksne og pensjonistar. Det eine utelukkar ikkje det andre. Me veit det er behov for denne typen bustader også i Sveio.

At det går så sakte i bustadmarknaden meiner Storebø at Finanstilsynet og bankane må ta litt av skulda for. Kravet om 15 prosent eigenkapital meiner han passar bra som eit verkemiddel for bustadprisane i Oslo, men han synest det er dårleg distriktspolitikk. At bankane er meir tilbakehalde med lån og ber kundane selje før dei kjøper nytt, har også gjort sitt til at det hopar seg opp med bustader som er til sals.

– AS Noreg går bra om dagen, og eg trur og håper difor at me snart ser slutten på dei magre åra. Blink Hus-forhandlaren i Stavanger melder om auka etterspurnad. Det same skjer på Karmøy. I Haugesund er det framleis stille, og det er det også på Stord. I Sveio meiner me å spora ei endring. Eg gjettar på det snur fram mot sommaren, seier Storebø.

Trur på oppgang: Bjørn Storebø hos Blink Hus Valvatne har 12 einingar til sals i Sveio om dagen. På blokka har han 50 til. FOTO: Blink hus Valvatne

I forbindelse med bygg og bu-temaavisa som blir sendt ut gratis, er denne saken open for alle å lesa.