Foreløpig teikning av aktivitetshuset.
Foreløpig teikning av aktivitetshuset. FOTO: Illustrasjon: OmegaBilde 1 av 3
Byggearbeidet har starta for aktivitetshus for dei med nedsett funksjonsevne i kommunen.
Byggearbeidet har starta for aktivitetshus for dei med nedsett funksjonsevne i kommunen. FOTO: Lars RødsethBilde 2 av 3
Byggearbeid pågår for aktivitetssenter på dagtid for dei med nedsatt funksjonsevne i kommunen.
Byggearbeid pågår for aktivitetssenter på dagtid for dei med nedsatt funksjonsevne i kommunen. FOTO: Lars RødsethBilde 3 av 3

Slik ser ein for seg det nye aktivitetshuset: – Eit allsidig og funksjonelt bygg

Aktivitetshuset i Sveio skal vera eit aktivitetssenter på dagtid for dei med nedsett funksjonsevne i kommunen.

Eit sårt trengd aktivitetshus nærmar seg så smått ein realitet i Leitevegen ved sida av brannstasjonen. Bernhard Jacobsen er ein av dei to pårørande frå brukargruppa som har vore i med referansegruppa for aktivitetshuset, og som har kome med innspel til bygget. 

Aktivitethuset kjem til dømes å innehalda trimrom, kjøken/spiserom, grupperom, kontor, sanserom, eit funksjonelt uteareal og ein verkstad.

– Huset ser greit ut nå. Det er lagt ned mykje godt planleggingsarbeid, som har resultert i at det vil bli eit allsidig og funksjonelt bygg. Både for dei menneska med funksjonshemming som skal ha sine aktivitetar der, og for personalet, fortel Jacobsen.

Totalkostnad til aktivitetshuset veit ein ikkje enno, men det er sett av 6,2 millionar kroner i kommunen sin økonomiplan. Det er likevel ikkje grønt lys for å starta bygginga heilt enno  Først må endeleg løysing og kostnadsramme bli vedtatt i kommunestyret. Saka skal opp i 3. møteserie, som er før sommaren.

– Sprenging av tomta er ferdig. Opplasting av siste rest med massar, sikring av skjering med meir blir ferdig før påske. Når det gjeld sjølve bygget held me på å vurdera teikningsgrunnlaget. Når me er nøgd med teikningsgrunnlaget for både bygg og utomhusanlegg,vil me få laga ein kostnadskalkyle. Dette dannar grunnlaget for ei politisk sak om finansiering som skal opp til behandling i kommunestyret. Når finansieringa er i orden skal prosjektet ut på anbod, seier Tore Johann Enerstvedt frå avdeling drift og anlegg i Sveio kommune.

Stort behov

Det nye aktivitetshuset er planlagd for 11 til 15 brukarar. I dag får brukarane til dømes av tilbod i eigne leilegheiter, og at kommunen kjøper plassar i andre kommunar. 

Ordførar i Sveio kommune, Linn Therese Erve, meiner dagens tilbod ikkje er tilstrekkeleg.

– Det er eit stort behov for eit slikt dagtilbod til dei sterkaste funksjonshemma i kommunen. I dag har me ikkje ein plass der denne brukargruppa kan samlast. Aktivitetshuset vil gje eit dagtilbod som gjer at brukarane kjem seg ut og har mogelegheit til sosial aktivitet i saman med andre brukarar. I tillegg vil det gje ein betre arbeidssituasjon for dei tilsette. Aktivitetshuset vil vera med på å gjera kvardagen til brukarane og dei tilsette mykje betre, seier Erve.

Ordføraren fortel at varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen og pårørande til denne brukargruppa har vore aktive pådrivarar for dette aktivitetshuset i fleire år.

– Dei pårørande har stått på lenge, og har vore ein viktig part for å få dette til. Det er på ein måte ei litt usynleg gruppe. Dersom ikkje me politikarar tek saka deira får me ingenting til, fortel Østebøvik Eriksen.

Meir innhaldsrik dag

Bernhard Jacobsen er ein av dei pårørande som har stått på i lang tid. Han håpar eit aktivitetssenter på dagtid kan betra kvardagen til sonen. Han er i 40-åra, bur i ei kommunal leilegheit og treng hjelp heile døgnet.

– Me håper sonen vår vil få moglegheita til ein meir innhaldsrik dag. Han vil få eit tilbod i dei lokala som gjer at han kan delta i noko meir fornuftig enn å berre vera i leilegheita mykje av dagen. Kanskje kan han få ein konkret plan med aktivitetar til visse klokkeslett. Det har han ikkje i dag. Det er litt opp til kva personalet som er på jobb klarar å få til, for å sei det sånn. 

– Det er mange menneske som sirkulerer i dette systemet. Det kan virka litt tilfeldig kva dei gjer av aktivitetar. Mykje av dette kjem, etter min meining, av at det har vore svak styring frå leiarane. Men det har betra seg det siste året. Me må masa heile tida på å oppretthalde aktiviteten. Det har lett for å gli ut, seier Jacobsen.

Bernhard Jacobsen og sonen hans. FOTO: Privat

– Det er ei naudløysing

Marta Haugsgjerd er den andre av dei to pårørande som har vore med i arbeidsgruppa. Ho har jobba for eit aktivitetstilbod utanfor sonen sin eigen bustad sidan han var ferdig på vidaregåande skule i 2017.

– Sonen min har litt tilbod, men det er ikkje ønskjeleg berre å vere i bustaden heile tida. Det er ei naudløysing for kommunen nå. Dei dette gjeld har ikkje noko aktivitet i kvardagen som normalt fungerande menneske som går på skule og jobb. Det er det aktivitetshuset er for. Kommunen kjøper plasser i andre kommunar for dei med litt høgare funksjonsnivå. Dei sterkast utviklingshemma med lågast funksjonsnivå har ikkje hatt noko tilbod i Sveio, fortel Haugsgjerd.

Ho vil presisera at dei som arbeider med son hennar i dag gjer det beste ut av situasjonen med aktivitetar i eigen bustad. For Haugsgjerd er det tidshorisonten ho tenkjer mest på i høve til den vidare prosessen med aktivitetshuset. Ho sympatiserer også med Jacobsen, som har venta veldig lenge på dette.

– Eg har stått på for dette frå 2017. Sonen min har ikkje hatt noko tilbod utanfor eigen bustad på snart to og eit halvt år nå. Bernhard har sikkert halde på med dette i 20 år. Det har blitt utsett i lang tid, så eg håper det ikkje blir utsett noko meir. Det var mange parti som hadde det i partiprogrammet sitt at det skulle bli realisert, seier Haugsgjerd.

– Me har ingen tid å miste

Jacobsen er samd med Haugsgjerd når det kjem til tidsperspektivet på prosjektet. Han ynsker også å sjå eit ferdig resultat så fort som mogleg.

– Me blei vel førespegla at det skulle ha vore ope lokale og tilbod i byrjinga av 2018. Slik blei det ikkje. Det er deprimerande å sitje på sidelinja å sjå på at tilbod som både kunne hjelpa på både helse og trivsel stadig blir skyvd fram i tid. Eg håper på at det endeleg skal bli sett i gang bygging av aktivitetshuset. Og at det skjer jo før jo heller, me har ingen tid å miste.

Jacobsen fortel at det har vore tilbod for menneske med nedsett funksjonsevne i Sveio tidlegare, men at det ikkje har skjedd mykje sidan dei forsvann for omtrent 15 år sidan. 

– Då sonen min flytta inn i leilegheita hadde han tilbod om riding og symjing. Det blei også etablert eit dagtilbod for svakt fungerande menneske med utviklingshemming på Sambrukshuset. Det var eit tilbod vår son nytta seg av. Me har i alle desse åra etterlyst erstatning for desse tilboda, men i påvente av nye lokale har det skjedd veldig lite.

Kan stå ferdig i 2021

Tore Johann Enerstvedt i avdeling drift og anlegg har god kunnskap om framdrifta til prosjektet. Han seier at det kan bli ferdigstilling i 2021 dersom det blir politisk vedtak om bygget og kostnadsramma som skal leggjast fram. 

– Dersom alt går etter planen, og ein får naudsynt finansiering, kan ein mogligvis starta med byggearbeidet hausten 2020. Ein reknar med omlag eit års byggjetid, fortel Enerstvedt.

Haugsgjerd seier at ho er nøgd med dei planane som er laga for bygget, men at det ikkje er det viktigaste.

– Planane og teikningane for det nye bygget me har vore med å gje innspel til ser veldig bra ut. Då gjenstår det berre at det ikkje blir fleire utsetjingar og at bygget blir realisert.

I forbindelse med bygg og bu-temaavisa som blir sendt ut gratis, er denne saken open for alle å lesa.