Per Bjørn Habbestad forlater Helse Fonna-styret etter å ha vore styreleiar dei siste to åra.
ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
Per Bjørn Habbestad forlater Helse Fonna-styret etter å ha vore styreleiar dei siste to åra. ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIKBilde 1 av 1

Per Bjørn Habbestad ny styreleiar i Helse Fonna

Helse Vest har peikt ut nye medlemmer til styra i dei lokale helseføretaka. I Helse Fonna er Per Bjørn Habbestad blitt ny styreleiar, og i tillegg har styret fått tre nye medlemmer.

Per Bjørn Habbestad tar over etter Kjell Arvid Svendsen, som har vore styreleiar i Helse Fonna i åtte år. Før dette var han nestleiar og styremedlem.

– Dette er så nytt at eg ikkje har noko programerklæring, men eg vil bidra til at denne viktige institusjonen blir driven på best mogeleg måte. Det er ei fantastisk spennande tid å gå inn i vervet med Haugesund sjukehus som gjer si historisk tyngste investering i nybygg, og det dette inneber for enno betre tilbud til brukarane i Helse Fonna, seier Habbestad til Vestavind.

– Spennande

Dei tre nye styremedlemmene er Kjersti Follesø, kommunelege i Bømlo, Anne Sissel Faugstad som er spesialrådgjevar i divisjon psykisk helsevern for Helse Bergen, og Per Karlsen som er økonomi- og finansdirektør i Helse Vest, eigarrepresentant, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Kjell Arvid Svendsen går ut av styret saman med Gunnar Birkeland, Kristin Skorpen og Hilde Christiansen. Endringa gjeld frå 4. mars, og første ordinære styremøte i Helse Fonna er 14. april.

– Det er spennande å få inn nye styremedlemer, og eg ser fram til førstkomande styremøte der alle vil vera samla. Kjell Arvid Svendsen har gjort ein lang og viktig innsats for Helse Fonna og leia styret på ein god måte dei åra han har vore styreleiar. Eg har takka både han, Gunnar Birkeland, Kristin Skorpen og Hilde Christiansen for jobben dei har gjort og det gode samarbeidet vi har hatt, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Styret er det øvste beslutningsorganet i Helse Fonna, og administrerande direktør rapporterer til styret.

Styret i Helse Fonna har også fire medlemer som er valt av og blant dei tilsette. Desse fire held fram i styret, då det ikkje er val på desse medlemmene no: Nina Budal, Pål Midbøe, Helge Espelid og Åse Berit Rolland.