Bjelland: Før leide Arvid Stueland ut huset på åremål, nå er det turisme som gjeld.
Bjelland: Før leide Arvid Stueland ut huset på åremål, nå er det turisme som gjeld. FOTO: PrivatBilde 1 av 7
På Bjelland får gjestane hos Arvid Stueland eit heilt hus for seg sjølve.
På Bjelland får gjestane hos Arvid Stueland eit heilt hus for seg sjølve. FOTO: PrivatBilde 2 av 7
Huset på Bjelland blei totalrenovert i fjor og er nå for andre sommaren på rad til utleige for turistar.
Huset på Bjelland blei totalrenovert i fjor og er nå for andre sommaren på rad til utleige for turistar. FOTO: Privat/AirBnBBilde 3 av 7
Gjestene som sjekkar inn hos Ben Kristian Hope og Helen Eide, får omvising på garden og dei får helsa på dyra. Dei får også tilbod om å kjøpa det som til ei kvar tid veks i åkeren.
Gjestene som sjekkar inn hos Ben Kristian Hope og Helen Eide, får omvising på garden og dei får helsa på dyra. Dei får også tilbod om å kjøpa det som til ei kvar tid veks i åkeren. FOTO: PrivatBilde 4 av 7
Hope: Folk frå heile verda overnatta her i fjor. Det enkle hyttelivet har også ein marknad i dagens turistbransje.
Hope: Folk frå heile verda overnatta her i fjor. Det enkle hyttelivet har også ein marknad i dagens turistbransje. FOTO: PrivatBilde 5 av 7
Den klassiske hytteboka.
Den klassiske hytteboka. FOTO: PrivatBilde 6 av 7
Trond Nesse har rydda fram meir utsikt sidan i fjor. Til hans overrasking er det mange storbyfolk som vel seg eit enkelt hytteliv når dei skal ha litt fri.
Trond Nesse har rydda fram meir utsikt sidan i fjor. Til hans overrasking er det mange storbyfolk som vel seg eit enkelt hytteliv når dei skal ha litt fri. FOTO: PrivatBilde 7 av 7

Hytteliv for ein kvar smak

Hotellstandard eller off grid. Valet er ditt om du vel Sveio som feriemål.

Den vesle «off grid» hytta på Hope er som ei reise tilbake i tid. Til hytteliv med vedomn, kaldt vatn i springen og utedo. Solcellepanelet gir nok straum til taklyset, men varm hytte må du fyre for å få. Det same må du om du vil ha varmt vatn. 

Opplevinga av å klare seg sjølv er det som lokkar gjester frå heile verda hit. Dyra i tunet er også eit trekkplaster.

Hos Helen Eide og Ben Kristian Hope får gjestene treffe høns, moskusender, vaktlar og kattar – og åkrar fulle av grønsaker.

Likesinna folk

Etter ein sesong på Airbnb er erfaringane udelt positive, og det er kanskje ekstra viktig når hytta du leiger ut ligg tett på der du bur sjølv.

– Dei som ønskjer seg hit er ofte likesinna folk. Dei er opptatt av dyrking, dyr og dyrevelferd. Dei er nesten alltid på gjennomreise, og vel seg dette som ei annleis oppleving, noko som skil seg frå den standard hotellnatta, seier Ben Kristian Hope.

Som AirBnB-vertar er han og kona Helen Eide tilgjengelege om nokon har spørsmål eller lyst å slå av ein prat, men det er ikkje slik at ein må mingle med gjestane heile dagen.

– Ofte lurer dei på kvifor me leiger ut ei lita hytte som denne. Det er jo ikkje noko å bli rik av.  For kvar gjest skal det ryddast, vaskast og skiftast sengeklede. Me ser mest på det som ein hobby, og det er veldig hyggeleg å treffe så mykje kjekke folk, seier han.

Sjølv om standarden er ein anna enn på hotell, kjem du også her til alt du treng, som ferdig oppreidde senger med dyner og puter.

Gjestene som sjekkar inn hos Ben Kristian Hope og Helen Eide, får omvising på garden og dei får helsa på dyra. Dei får også tilbod om å kjøpa det som til ei kvar tid veks i åkeren. FOTO: Privat

Full kontroll

På Bjelland har derimot Arvid Stueland lagt seg på hotellstandard. Her er slåbrok og tøflar klar på soverommet. Hit treng du berre ta med deg tannkosten. Her er vaskemaskin og tørketrommel, og kjøkken utstyrt med alt frå espresso- til smoothiemaskin. Akkurat nå har Stueland gjester frå Sør-Korea. Dei har sjekka inn for fire veker. 

Alle som kjem hit har leigebil, og dei vel å bu her medan dei utforskar området mellom Stavanger og Bergen. Verten er klar til å tipse om alt frå turstiar i Sveio til utflukter på Hauglandet og i Hardanger.

Det oransjemalte huset ligg eit steinkast frå hans eige. I mange år leigde han det ut på åremål, men då leigetakarane flytta bestemte han seg for å satse på turistar i staden.

Huset er totalrenovert, og på både Novasol og Airbnb har huset vore å finne sidan i fjor sommar.

– Eg liker dette betre enn å leige ut på åremål. Fordelen er at nå har me full kontroll heile tida. Me er inne i huset og vaskar ut etter kvar gjest, og kan halde alt i orden undervegs. Novasol har så langt ikkje gitt oss ei einaste booking. Me har hatt meir lukke med AirBnB, seier Stueland og innrømmer han er spent på korleis sommaren 2020 kjem til å bli.

– Spanande gjester

«If you’re looking for the genuine Norwegian cabin experience, look no further than Trond and Astrid’s magical cabin». Slik startar tilbakemeldinga frå ein av gjestene som har lagt igjen nokre ord om hytteopphaldet sitt ved Nesevatnet. Britiske Tristan er ein av mange utlendingar som fann fram til den vesle hytta som ligg heilt for seg sjølv. Astrid og Trond Nesse kjøpte hytta av far hennar i fjor og fiksa den opp for å gjere klar for AirBnB-utleige. Sjølv bur dei i Tysvær.

Også her gjeld det enkle hyttelivet. Hit kjem ikkje dei som er avhengige av Netflix og jacuzzi. I hytta ved Nesevatnet får gjestane tilgang på både robåt, kano og kajakk.  Hytta har ikkje straum, men eit solcellepanel som kan gje litt lys og straum nok til ein USB-ladar.

– Me har hatt så mange spanande gjester, seier Astrid Nesse. 

Ein tysk finansmann med den største bubilen dei nokon gong hadde sett sjekka inn i fjor. Det same gjorde ein venninnegjeng frå Spania. Dei har hatt besøk av austerriske musikarar og ein sveitsisk alpinist med beinbrot.

If you’re looking for the genuine Norwegian cabin experience, look no further than Trond and Astrid’s magical cabin – tilbakemelding frå gjest

Alle var tiltrekte av det aller enklaste hyttelivet. At det berre finst ein utedo der ser ikkje ut til å bety noko. Med ein døgnpris på 320 kroner klarte dei 62 gjestedøgn  første sesongen på AirBnB.

– Me legg ein god del arbeid i å få gode tilbakemeldingar, av erfaring veit me det er viktig. Trond har tatt med ganske mange av gjestene på fisketur. Det gjeld å gje litt ekstra. Å få fin omtale kjem ikkje av seg sjølv, seier Astrid Nesse. 

I løpet av vinteren har dei skoga rundt hytta, så nå er det blitt litt opnare og lysare. Planen er å lage potetåker på den mosegrodde plenen. Det trur dei vil falla i god smak hos gjestane.

Trond Nesse har rydda fram meir utsikt sidan i fjor. Til hans overrasking er det mange storbyfolk som vel seg eit enkelt hytteliv når dei skal ha litt fri. FOTO: Privat

I forbindelse med bygg og bu-temaavisa som blir sendt ut gratis, er denne saken open for alle å lesa.