Agnes Vierdal, Valborg Sinnes og Styreleiar Per Bjørn Habbestad har det hyggeleg på dugnadskveld hos Gjenbruksløa i Førde.
Agnes Vierdal, Valborg Sinnes og Styreleiar Per Bjørn Habbestad har det hyggeleg på dugnadskveld hos Gjenbruksløa i Førde. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 1 av 12
Bildeserie
Ei av oppgåvene om tirsdagen er å sjå over, prisa og setta ut nye ting. F.v. Agnes Vierdal, Valborg Sinnes og Per Bjørn Habbestad. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 2 av 12
Bildeserie
Styreleiar Per Bjørn Habbestad har ikke tal på kor mange ting som er i bruktbutikken. Den er eit eldorado med likt og ulikt. Noko til 5 kroner, andre ting til 500. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 3 av 12
Bildeserie
Ei skål og ei krukke med lokk som kan både kan brukast og pynta opp. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 4 av 12
Bildeserie
Dugnad er gøy, og Valborg Sinnes og Agnes Vierdal, kosar seg om tirsdagane. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 5 av 12
Bildeserie
Duk og dekka bord. Her er det berre gjester, mat og drikke som manglar. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 6 av 12
Bildeserie
Skal det vera ei bjørkegrein med fuglar som er retro korektrekkar og brusopnar? FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 7 av 12
Bildeserie
Ein staseleg orrhane har også funne vegen til Gjenbruksløa i påvente av ny heim. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 8 av 12
Bildeserie
Er du på jakt etter brukte leiker og spel, kan det henda du finn det du leitar etter her. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 9 av 12
Bildeserie
Valborg Sinnes og Per Bjørn Habbestad vurderer ein gamal «Til erindring»-kopp. Den er i så god stand at prisen blei sett opp. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 10 av 12
Bildeserie
Det er trangt om plassen innimellom, men Agnes Vierdal finn likevel plass til ein ny vase. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 11 av 12
Bildeserie
I den tidlegare møkkakjellaren er det eit like stort butikkareale som i første etasje. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 12 av 12

Over 125.000 små og store skattar har fått nye heimar

Det er få gjenbruksbutikkar som ligg så strategisk plassert som Gjenbruksløa like inntil E 39 i Førde.

Gjenbruksløa blei starta i 2014 for å skaffa pengar til bygginga av Sveio soknehus. Bruktbutikken har vore ein suksess frå første dag, med høg omsetnad, stor dugnadsinnsats og mange lukkelege kjøparar frå heile landet.

Butikken er ikkje open meir enn fire timar fredag ettermiddag og fire timar laurdag føremiddag, men omsetnaden har likevel halde seg på ein million kroner i året sidan oppstarten 31. august 2014.

For dei som likar gamle eller brukte ting – frå fingerbøl og myntar til husgeråd, leiker, bøker, kunst og møblar – eller er på jakt etter dei to fata som manglar i oldemorserviset, er Gjenbruksløa eit eldorado som stadig blir fornya.

Brorparten av kundane kjem frå kommunane rundt Sveio, en del er faste, ein del svingar innom tilfeldig, og det er kundar frå heile landet som handlar etter å ha sett ting på Facebook.

– Me brukar minimalt med pengar på reklame. Tidlegare hadde me også auksjonar, men det har me slutta med fordi det viste seg å ikkje få den oppslutnaden me håpa på. At Gjenbruksløa har ei Facebook-side som stadig blir oppdatert med nye varer, har gjeve mykje større sal. Det er ganske unikt at ein bruktbutikk har over 6.000 føljarar, seier styreleiar Per Bjørn Habbestad.

Soknehus nedbetalt om to år

Bruktbutikk-prosjektet vart sett i gong for å sikra midlar til bygging av Sveio soknehus, som vart opna 17. desember 2016. Totalkostnaden var 17 millionar kroner.

– Soknehuset hadde ikkje lete seg realisera utan at Gjenbruksløa tok opp lån på dei 6,5 millionane som måtte skaffast utanom Sveio kommune sitt seksjonskjøp, samt private gåver og momsrefusjon. Me valde å la fagfolk gjera byggejobben og bruka dugnadsviljen på løa. Men me hadde ikkje sett for oss at bruktbutikken skulle bli ein så stor suksess.

Skal det vera ei bjørkegrein med fuglar som er retro korektrekkar og brusopnar? FOTO: Ellen Marie Hagevik

– Tidlegare var det kollekt til soknehuset to gonger i året. Då kom det inn rundt 2.500 kroner kvar gong. Det er ikkje meir enn vi sel for i løpet av eit par timar på Gjenbruksløa. No er det att 1,7 millionar på lånet. Held omsetnaden fram som den har gjort dei siste 5,5 åra, vil soknehuset vera gjeldfritt vinteren 2022, seier Habbestad.

Etter årsmøtet nyleg kan det kanskje gå ein månad eller to lengre. Der blei det nemleg vedteke å bevilga 100.000 kroner til nytt lydanlegg i soknehuset. 

Får mange fine ting

Gratis varer, stor dugnadsinnsats og rimeleg husleige er noko av suksessoppskrifta. Og ikkje minst at dei får inn mykje fint å selja. Kor mange ting det er i Gjensbruksløa, er det ingen som kan svara på når Vestavind er innom ein dugnadstirsdag.

Habbestad må finna fram kalkulatoren og rekna omtrent tal når me spør om kor mange ting som er selde i løpet av 5,5 år. Han kjem fram til mellom 125.000 og 150.000 små og store ting som no gler nye eigarar og prydar heimar over heile landet.

Det er absolutt mogeleg å gjera røvarkjøp for dei som kan antikvitetar. Ingen av dei som er med på løedugnaden er ekspertar, men litt har dei plukka opp undervegs. Når ei av damene kjem med ein kopp og vil setja vanleg pris på den, er Habbestad kjapt ute med å femdobla prisen etter å ha sjekka kopp og fat for fabrikat og stempel.

Styreleiar Per Bjørn Habbestad har ikke tal på kor mange ting som er i bruktbutikken. Den er eit eldorado med likt og ulikt. Noko til 5 kroner, andre ting til 500.

Møteplass og miljø

Dugnadsgjengen tel 60 til 70 personar frå heile Sveio, og Habbestad gjev den frivillige innsatsen ein stor del av æra for at Gjenbruksløa går så bra. Dei har lagt ned rundt 20.000 dugnadstimar fram til i dag.

– Dei yngste er rundt 30 år, den eldste 87. Mange har vore med sidan starten. Kvar tirsdagkveld er det utpakking, klargjering, prising og plassering i butikken av nye ting. Me har sett opp ein turnus for dei tre dagane i veka det er aktivitet, slik at dei fleste hjelper til ein gong i månaden. Løa har blitt ein møteplass som har skapt felleskap blant kyrkjelydane i kommunen. Arbeidet me gjer er også bra sett i eit miljøperspektiv. Ting blir brukt på nytt i staden for å bli kasta, seier Habbestad.

Før opninga i 2014 blei det lagt ned ein stor dugnadsinnsats med riving og oppussing på løa. 

– Me starta med fjøsbutikken i første etasje. Reiv båsar, la nytt golv der det var naudsynt og malte. Deretter gjekk me laus på møkkakjellaren. Der måtte me først fjerna gamal kumøkk. Etter høgtrykksspyling, vasking og maling, fekk me eit like stort lokale som i første etasje. Heile jobben blei gjort i løpet av tre månader, og til sommaren utvidar me også med låven, fortel Habbestad. 

Heftig bodrunde på designstol

– Kva er det mest spesielle de har seld?

Habbestad må verkeleg tenkja seg om før han svarar. Det er ikkje lett å plukka ut eit av mange tusen sal. Han er innom ei spisestue som gjekk for 11.000 kroner, og eit middagsservise som gjekk for 8.000, før han endar på ein stol under ein auksjon.

– Me hadde ikkje peiling og sette prisen til 500 kroner. Så tok det heilt av og enda på 7.500 kroner. Det viste seg at dette var ein ettertrakta designstol. Kjøparen budde på Austlandet og eg køyrde sjølv stolen over fjellet, fortel Habbestad.

Ei skål og ei krukke med lokk som kan både kan brukast og pynta opp. FOTO: Ellen Marie Hagevik

I forbindelse med bygg og bu-temaavisa som blir sendt ut gratis, er denne saken open for alle å lesa.