Sveio kommune vil informera umiddelbart om det blir påvist korona-smitte, seier Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg. Her saman med Ståle Andreassen, kommuneoverlege og smittevernlege.
Sveio kommune vil informera umiddelbart om det blir påvist korona-smitte, seier Ingun Toft, kommunalsjef helse og omsorg. Her saman med Ståle Andreassen, kommuneoverlege og smittevernlege. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Nye reglar for korona-karantene

To nye tilfelle av koronasmitte på Haugalandet vart stadfesta søndag. Det er innført nye og strengare karantenereglar med tilbakevirkande kraft, og Sveio kommune ønskjer at arrangement med over 50 deltakarar blir meldt inn til kommunen.

Søndag bestemte Folkehelseinstituttet at alle nordmenn som har vore på reise i område med høg smitterisiko for koronaviruset skal i heimekarantene i 14 dagar. Heimekarantene betyr at ein må unngå nærkontakt med andre og halda seg mest mogeleg heime, men ein kan til dømes ta seg ein spasertur. Dei som har fått påvist smitte er sett i isolasjon og kan ikkje gå ut.

Høgsrisikoområda er også utvida til større delar av Nord-Italia, samt Tyrol i Austerrike.

– Dei endra karantenereglane har tilbakevirkande kraft. Det betyr at om du til dømes kom heim frå Italia for ei veke sidan, må du i heimekarantene ei veke, opplyser smittevernlege og kommuneoverlege Ståle Andreassen.

Ønskjer melding om arrangement

For dei som ikkje kan ha heimekontor, betyr det at dei må kontakta fastlege for å få sjukemelding.

– For å førebygga smittespreiing, har NAV gjeve dispensasjon frå kravet om at ein må møta opp og bli vurdert av lege for å få godkjend sjukemelding. Dersom du har vore i eit av høgrisikoområda, skal du ringa fastlegen og få sjukemelding over telefon, seier Andreassen.

Sveio kommune ønskjer å få oversikt over planlagde arrangement fram til 30. juni for å gje best mofeleg råd i samband med risiko for koronasmitte. Dette gjeld arrangement med 50 eller fleire deltakarar. Dei ber om at arrangørane melder i namn på arrangør, dato for arrangement, kor mange ein ventar kjem og namnet på lokalet som skal nyttast. Informasjonen skal sendast til postmottak@sveio.kommune.no.

To nye på Haugalandet

Koronaviruset ser ut til å bre om seg i stadig aukande tempo. På VG si liveoppdatering var det måndag føremiddag registrert 177 personar med stadfesta koronasmitte i Noreg. Tirsdag ettermiddag hadde talet auka til 304. Førebels er det ingen i Sveio som har fått påvist smitte, men det er personar som har testa negativt. Det er også personar i heimekarantene i kommunen.

Første smittetiltelle i vårt distrikt var i Haugesund, der ein er smitta og sett i heimeisolasjon. Fredag kom det melding om at også ein person i Tysvær har fått påvist smitte. Søndag blei det rapportert om to nye tilfelle på Haugalandet, utan at det vart stadfesta i kva kommune dei er heimehøyrande. Dette blir gjort for å ikkje identifisera dei smitta. I Sauda har to personar fått koronaviruset, og Sauda ungdomsskule vart stengd måndag.

– I Sveio har talet på telefonar til legekontora auka, men ikkje meir enn at det har vore greit å handtera. Me er godt budde på at situasjonen kan endra seg, både i høve til større pågang og personar som må testast, seier Andreassen.

Ring fastlegen først

– Kva skal ein gjera om ein mistenkjer at ein er smitta?

– For å unngå og smitta andre, bør ein ikkje møta opp på legekontor eller legevakt. Ta kontakt med fastlegen på telefon først for å få vurdert om mistanken er reell. Om det er grunn til mistanke, vil fastlegen varsla smittevernoverlegen, som igjen organiserer med prøvetaking ved Haugesund legevakt.
– Der det er mistanke om smitte vil ein få heimekarantene til prøvesvaret er klart og blir følgd opp av den lokale helsetenesta. Får ein påvist smitte, vil det bli gjort tiltak ut frå situasjonen til den enkelte, seier smittevernlege Ståle Andreassen.

Denne måten å organisera det på, blir gjort både fordi det er rasjonelt, ein unngår unødig smitte og sørger for at fastlegane har tid til også å ta seg av pasientar som treng hjelp til andre ting.
For å beskytta tilsette mot smitte, vil dei som ikkje er alvorleg sjuke bli testa medan dei sit i bilen ved Haugesund legevakt. På grunn av aukande pågang, har dei dobla bemanningen ved legevakta.

Unngå smittespreiing

Den årlege influensaen er seinare enn vanleg, og Folkehelseinstituttet melde sist veke at utbrotet er på sitt høgaste no.
Det kan bli ei utfordring med begge deler samstundes, og at folk blir urolege for at dei har noko anna enn influensa.

– Det er viktig å få fram at alle som er smitta av korona i Noreg til no, er mildt sjuke. Normalt friske folk vil takla sjukdomen greit. Ein del tenkjer kanskje at dette ikkje er så mykje å bry seg om og let vera å ta førehandsreglar. Eg vil difor oppmoda alle til å visa solidaritet med dei som er meir utsette, og følgja råda frå Folkehelseinstituttet.

– God handhygiene og gode hoste- og nyserutinar er blant dei enklaste og viktigaste tiltaka for å unngå smittespreiing, anten det er korona eller influensa, seier Andreassen.

Vil vera best mogeleg rusta

Ein pandemi vil kunne få fleire samfunnsmessige konsekvensar, og beredskapsjefen hos fylkesmannen i Vestland har gått gjennom alle kommunale beredskapsplanar.

– Planar er gode å ha som eit utgangspunkt. Me jobbar kontinuerleg med ulike scenarier for å stå best mogeleg rusta om det blir ein pandemi, slik at viktige funksjonar blir ivaretatt om mange blir sjuke, seier Andreassen.

Korona-situasjonen blir kontinuerleg overvaka og vurdert, og det er på plass god dialog og samhandling på Haugalandet, både mellom kommunane, Haugesund, legevakter, legekontor, smittevernlegane og andre. Her er både Sveio og Etne med, sjølv om dei ligg inn under Vestland.

Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio, kom rett frå eit møte i det interkommunale helsenettverket då Vestavind møtte henne fredag.

Der har dei faste korona-møter kvar veke, deler informasjon undervegs og har avtalar om korleis ein skal hjelpa kvarandre.

Har avlyst basar på sjukeheimen

– Det har kanskje verka stille utad for sveibuane, men kommunen har jobba intenst med ulike korona-scenarier sidan utbrotet vart kjend. Ei viktig sak i samarbeidet mellom kommunane, er at me er samkøyrde på tiltak og kommunikasjon.

– Me har samla all informasjon om korona i ein «boks» på Sveio kommune si nettside. Der vil me også umiddelbart informera om smittetilfeller i tillegg til at føresette og tilsette vil bli informert direkte om det til dømes blir oppdaga smitte på ein skule, seier Toft.

Smitte i helsetenesta er ein ikkje ukjend med, og kommunen har gode planar for korleis dette skal handsamast.

– Me følgjer dei nasjonale råda frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og fylkesmannen, og oppdaterer planane våre etter kvart som det kjem nye råd. Det aller siste er at me har avlyst baseren på sjukeheim og alle andre arrangement der fram til juni. Bebuarane på sjukeheimen er ei utsett gruppe, og me vil unngå at det kjem mange eksterne personar dit, seier Toft.

Må vurdera risiko

– Kva med andre arrangement rundt om i kommunen?

– Kvar enkelt arrangør har ansvar for å kartlegga og vurdera risikoen sjølv. Er ein usikker, kan ein få råd hos kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen kan også avlysa arrangement om han meiner smittefaren er for høg, seier Toft.

Der det er mistanke om smitte, eller smitte er påvist, kan ein bli sett i heimekarantene på 14 dagar. Dette er det dessverre ein del som ikke har tatt alvorleg.

– Det skaper frykt og bekymring hos andre for å bli smitta. Særleg blant dei som har underliggande sjukdommar og er meir utsette for å bli hardare ramma av koronaviruset. Ein skal ha respekt for både karantenetida og andre, og eg vonar at dette blir tatt på alvor av alle, seier Toft.

Her finn du informasjon

Situasjonen kan endra seg fort, og råd helsemyndigheitene gjev i dag treng ikkje vera gjeldane om nokre dagar. Smittevernlegen oppmodar derfor alle til å halda seg oppdatert på det siste frå Folkehelseinstituttet.

Her finn du utvida anbefalingar on karantene. Folkehelseinstituttet si oppdaterte oversikt over områder med spredning av smitte finn du i denne lenkja.

Via denne lenkja finn du siste nytt og all informasjon om koronaviruset frå Folkehelseinstituttet.

Sveio kommune oppdaterer også si nettside fortløpande. Den finn du her.

Har du spørsmål om koronaviruset og ikkje finn svar på Folkehelseinstituttet si nettside, kan du ringa 815 55 015.

Det er Helsedirektoratet sin informasjonstelefon som er open 08.00-22.00 kvardagar og 09.00-18.00 laurdag og sundag.

Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I denne YouTube-filmen https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet).