Ingunn Toft er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune.
Ingunn Toft er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune. FOTO: Ellen Marie Hagevik/arkiv

Innfører restriksjonar på større arrangement

Sveio kommune vil dei neste tre vekene vurdera om større arrangement kan avhaldast. Planlagde arrangement og samankomstar over ein viss storleik må melda frå til kommunen.

Bakgrunnen er at Noreg er eit av landa som har raskast auke i talet på smitta og høgast andel som er smitta av koronaviruset. Sveio kommune har derfor, saman med Haugesund, Tysvær, Karmøy og Bokn, vedteke at større arrangement – både innandørs og utandørs – skal vurderast frå 10. mars og tre veker framover.

Planlagde arrangement eller samankomstar med meir enn 100 deltakarar, eller meir enn 50 personar frå riskogrupper, er pålagde å levera inn skriftleg risikovurdering til kommunen snarast, og seinast ei veke før arrangementet.

– Har eit særleg ansvar

Risikovurderinga skal innehalda antall personar som deltar, eventuelle tilreisande, både frå inn- og utland. Om det er deltakarar i risikogrupper for alvorleg forløp av korona, alkoholinntak, kor lenge arrangementet varer, samt risikoreduserande tiltak. Dette skal sendast til postmottak@sveio.kommune.no.

– Kommunen har et særleg ansvar for å førebygga smitte og fremma folkehelsa, og me må vurdera om arrangement i kommunen kan medføra vesentleg fare for befolkningen. Faren aukar med antall personar som samlast, og faren aukar jo fleire frå ei risikogruppe som er til stades, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio.

– Større arrangement medfører at mange menneske er tett på hverandre. Faktorar som bevertning, alkoholinntak og kor lenge arrangementet varer, påverkar også smittefaren. Vedtaket blir vurdert fortløpande, og kan bli endra på kort varsel etter korleis smittesituasjonen utviklar seg.

Utsette grupper

Koronaviruset, eller Covid-19, er definert som allmennfarleg smittsam sjukdom. Eldre over 65 år og personar med underliggande sjukdom som hjerte-karsjukdom, diabetes, kronisk lungesjukdom og kreftsjukdom, er nokre av riskogruppene som kan bli hardt ramma om dei blir smitta.

Kommunen veit ikkje om alle arrangement, men vil no få ei god oversikt. Førebels har kommunen ikkje gått inn og stoppa arrangement, men Toft kjenner til at arrangørar sjølv har avlyst.