80 kvinner, frå 18 til 96 år, fann vegen til eit fint pynta Ørevik grendahus på kvinnedagen. Det var velkomstdrink, bordkort og damene vart vist til bords. Me ville ikkje at damene skulle sitje saman med gamle kjenningar, altså utfordre seg litt. Valesnuppene ynskte dei velkommen og så var festen i gong. Me hadde quiz som var kvinnerelatert, snappvegg, song, middag og kake/kaffi.
Middagen var delvis sponsa av Liv og Lystprosjektet i bygda. Eli N. Vihovde heldt ein flott apell der me kom ned på jorda att. Me ynskjer sjølvsagt lik lønn for likt arbeid, men har me det i 2020?
Det var åtte forskjellige nasjonalitetar samla på 8. marsfeiringa. Nyinnflytta kvinner i Valestrand vart introdusert, og me veit no at i Ukraina er 8. mars ein offensiell fridag der kvinnene får blomster, sjokolade, og dei blir gjort stas på av familie og vener.
Drøsen gjekk godt, og etter Ellinors vise fekk alle kvinnene utdelt ei lang-stilka raud rose som var sponsa av Sveio blomster og Grethe Lier. Deretter var det takk for ein flott ettermiddag og vel heim. Det var fem slitne, men nøgde arrangørar som vaska seg ut av Ørevik grendahus denne marskvelden.