FOTO: Folkehelseinstituttet

Éin person smitta av korona i Sveio

Éin person er påvist smitta av koronaviruset i Sveio. Han har vore i isolasjon sidan han kom heim frå utanlandsreise.

– Vedkommande har vore i isolasjon etter heimkomst frå land med vedvarande smitte. Han har ikkje vore i kontakt med andre, det er ikkje grunn til å tru at vedkommande har smitta andre etter heimkomst. Me har derfor god kontroll på dette tilfellet, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio.

Det er innført strenge tiltak i kommunale bygg, og det er travel aktivitet i kommunane på ytre Haugalandet for å hindra at koronasmitte breier seg.

– Det er løpande møter fleier gonger dagleg mellom kommunane. Ting endrar seg nærast frå time til time. Følg derfor med på kommunen si nettside for oppdateringar, oppmodar Toft.

På VG si liveoppdatering var det klokka 12.00 i dag registrert 648 koronasmitta i Noreg, og 18 nye tilfeller i dag.

Ring fastlegen først

– Kva skal ein gjera om ein mistenkjer at ein er smitta?

– For å unngå og smitta andre, bør ein ikkje møta opp på legekontor eller legevakt. Ta kontakt med fastlegen på telefon først for å få vurdert om mistanken er reell. Om det er grunn til mistanke, vil fastlegen varsla smittevernoverlegen, som igjen organiserer med prøvetaking ved Haugesund legevakt.

– Der det er mistanke om smitte vil ein få heimekarantene til prøvesvaret er klart og blir følgd opp av den lokale helsetenesta. Får ein påvist smitte, vil det bli gjort tiltak ut frå situasjonen til den enkelte, seier smittevernlege Ståle Andreassen.

Denne måten å organisera det på, blir gjort både fordi det er rasjonelt, ein unngår unødig smitte og sørger for at fastlegane har tid til også å ta seg av pasientar som treng hjelp til andre ting.

Unngå smittespreing

Den årlege influensaen er seinare enn vanleg, og Folkehelseinstituttet melde sist veke at utbrotet er på sitt høgaste no.

Det kan bli ei utfordring med begge deler samstundes, og at folk blir urolege for at dei har noko anna enn influensa.

– Det er viktig å få fram at dei fleste som er smitta av korona i Noreg til no, er mildt sjuke. Normalt friske folk vil takla sjukdomen greit. Ein del tenkjer kanskje at dette ikkje er så mykje å bry seg om og let vera å ta førehandsreglar. Eg vil difor oppmoda alle til å visa solidaritet med dei som er meir utsette, og følgja råda frå Folkehelseinstituttet.

– God handhygiene og gode hoste- og nyserutinar er blant dei enklaste og viktigaste tiltaka for å unngå smittespreiing, anten det er korona eller influensa, seier Andreassen.

Saka blir oppdatert.

Ring, ikkje møt opp

Om du mistenker at du kan vera smitta, kontakt fastlegen din per telefon. Får du ikkje tak i fastlegen din, ring legevakta på telefon 116 117.