Hamstring er unødvendig og kan skapa utfordringar.
Hamstring er unødvendig og kan skapa utfordringar. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Ingen grunn til å hamstra daglegvarer

Om alle handlar normalt, er det nok daglegvarer til alle, skriv Coop, NorgesGruppen, REMA 1000, Virke dagligvare og NHO service og handel i ei felles pressemelding.

– I andre land ser me døme på at forbrukarane har auka sine innkjøp av enkelte basisvarer markant. Dei same utfordringane har vi ikkje i Noreg. Nordmenn har den siste tida kjøpt noko meir av enkelte basisvarer enn vanleg, men me er ikkje bekymra for varemangel.

Daglegvarekjedane har nok varer både i butikk og på lager, og det er framleis god tilgong på varer frå leverandørar. Det er ikkje noko som tilseier at det blir varemangel i Noreg.

– I tillegg har me stort fokus på å oppretthalda rutinar og vareflyt som vanleg. Me har tett dialog med myndigheitene, og baserar oss på fakta og råd frå Folkehelseinstituttet.

Hamstring er unødvendig, og kan skapa utfordringar. Om alle handlar som normalt, er det nok varer til alle, er oppmodinga.