I hovudsak skuldast overskridinga at vedlikehaldsbehovet ved den gamle bygningen har vist seg å vera større enn venta.
I hovudsak skuldast overskridinga at vedlikehaldsbehovet ved den gamle bygningen har vist seg å vera større enn venta. FOTO: Vestavind arkiv

Stenger alle skular og barnehagar

Regjeringa la på dagens pressekonferanse fram dei mest drastiske tiltak Noreg har gjort i fredstid. Alle skular og barnehager er stengde frå 13. mars, og alle arrangement skal avlysast.

 

Statsminister Erna Solberg (H) la ikkje skjul på at dei drastiske og inngripande tiltaka vil bli utfordrande og vanskelege både for personeleg fridom, næringsliv og samfunnet. Ho oppmoda til nasjonal dugnad for å hindra spreiing av koronasmitte, og sa mellom anna at det er viktig å beskytta seg sjølv for å beskytta kvarandre.

– Ikkje ta på kvarander, men ta vare på kvarandre, sa statsministeren.

Dette er tiltaka

Tiltaka gjeld frå klokka 18.00 i kveld 12. mars til klokka 18.00 26. mars.

  • Barnehagar, barneskular, ungdomsskular, videregående skular, universitet, høgskular og andre utdanningsinstitusjonar vert stengde.
  • Det er gjort unntak for 15 definerte samfunnsfunksjonar, som personar i helsesektoren. Skular og barnehagar må sørga for at det er tilbod til barn med foreldre i desse funksjonene. Barn med særlege behov skal også ha tilbod.
  • Kulturarrangement, idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet – både ute og inne – er forbode. Også svømmehallar og badeland skal stengast. Treningssenter og verksemder som frisør, hudpleie, massasje og kroppspleie og tattovering må stenga.
  • Serveringsbransjen vil også få store utfordringar. Det må vera minst ein meter avstand mellom kvar gjest, og servering av mat skal ikkje skje som buffé. Dette punktet omfattar restaurantar, barar, pubar og uteliv.
  • Detalj- og varehandel går som normalt. Det er ikkje naudsynt å hamstra, for det er nok mat i butikkane. Følg nasjonale råd om kva du bør ha heime.
  • Transportsektoren går som normalt, men folk bør unngå fritidsreiser og andre reiser som ikkje er naudsynte. Unngå offentlig transport, eller andre stader ein kan kome i nærkontakt med andre.
  • På alle helseinstitusjonar blir det innført strenge restriksjonar for besøkande. For institusjonar med utsette gruppe, vil det vera besøksforbod.
    Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling, får ikkje reisa utanlands for å sikra at Noreg har nok helsepersonell tilgjengeleg.
  • Alle som kjem tilbake frå reiser utanfor Norden, skal i hjemmekarantene, anten dei har symptom eller ikkje. Dette har tilbakeverkande kraft.

Digital skule om omsorgstilbod

Stengde skular betyr ikkje at elevane har fri frå skulen. Lærarane vil halda fram med undervisning gjennom digitale kanalar for elevar frå 3. til 10. trinn. Elevar i 1. og 2. klasse vil få bøker og materiell med seg heim, og foreldra blir bedne om å halda seg oppdaterte på Visma Skole om elevane sitt skulearbeid.

I tilfelle der begge foreldra har samfunnskritisk arbeid – som helse, brann og politi – og ein ikkje får skaffa barnepass for banehageborn og elevar i 1. til 4. klasse, vil Sveio kommune leggja til rette eit omsorgstilbod i barnehage-/skule- og SFO-tida i skulen eller barnehagen barnet til vanleg høyrer til. Familiar som har trong for eit slikt tilbod, må ta kontakt med rektor eller barnehagestyrar.

Ta omsyn

Dersom du ønskjer å besøka ein bebuar på omsorgssenteret eller omsorgsbustadane i Sveio, oppmodar kommunen til at du vurderer om besøket er nødvendig og om kontakt kan gjennomførast på andre måtar, for eksempel via telefon. Besøk skal ikkje skje i fellesområde.

Dersom du har symptom på koronasmitte, eller har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøka offentlege bygg, inkludert kommunehuset, skular, barnehagar, omsorgssenter, omsorgsbustadar, Vigdartun og biblioteket. Det same gjeld dersom du den siste tida har vore på reise utanlands.

Symptoma på koronasmitte, som kan ifølge Folkehelseinstituttet  likna på symptoma ein får dersom ein er forkjølt eller har influensa: sår hals, feber og hoste. Ta kontakt med fastlege på telefon om du trur du er smitta, eller ring 116117.

– Me har alle eit ansvar

På kommunehuset er alle møter som ikkje er kommunale avlyst.

– Kva med dei som har ærend – til dømes spørsmål eller levering av papir – på kommunehuset? Vil resepsjonen bli stengd?

– Resepsjonen er open frå kl 08.00 til kl 15.30. Eg oppmodar generelt alle med symptom som feber, sår hals og hoste, eller som har vore i utlandet dei siste 14 dagane, til å bruka skjønn med tanke på fysisk oppmøte. Me har alle eit ansvar for å redusera smitte, seier ordførarar Linn Therese Erve (Ap).

Her finn du informasjon

Via denne lenkja finn du siste nytt og all informasjon om koronaviruset frå Folkehelseinstituttet.

Sveio kommune oppdaterer også si nettside fortløpande. Den finn du her.

Har du spørsmål om koronaviruset og ikkje finn svar på Folkehelseinstituttet si nettside, kan du ringa 815 55 015.

Det er Helsedirektoratet sin informasjonstelefon som er open 08.00-22.00 kvardagar og 09.00-18.00 laurdag og sundag.

Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I denne YouTube-filmen https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet).

Her finn du utvida anbefalingar om karantene. Folkehelseinstituttet si oppdaterte oversikt over områder med spredning av smitte finn du i denne lenkja.