Blir ikkje lenger testa

Dei som er i hjemmekarantene vil ikkje lenger bli testa for korona. Dei som er i heimekarantene skal heller ikkje ta kontakt med helsevesenet, med mindre dei har behov for helsehjelp.

Det skriv Folkehelseinstituttet (FHI) i ei oppdatering på nettsida si.

Det blir peika på at ein test for koronavirus ikkje vil gjera noko utslag for oppfølging sidan ein uansett skal halda seg i karantene.

– Me forstår at alle ønskjer å veta om dei er smitta eller ikke, men me er i ein situasjon kor det må gjerast prioriteringar for å beskytta dei mest sårbare i samfunnet og dei som behandlar desse, seier avdelingsdirektør Line Vold ved Folkehelseinstituttet.

Testing blir no berre gjort av visse pasientgrupper og helsepersonell som får luftveissymptomar.

Utvalde grupper

Desse skal no testast for covid-19 (korona):

  • Pasientar med akutt innsettande luftveisinfeksjon med behov for innlegging i sjukehus.
    Innlagte pasientar i alle helseinstitusjoner med akutt luftveisinfeksjon.
  • Tilsette i helsetjenesten med pasientnært arbeid som får akutt innsettande luftveisinfeksjon.
  • Personar med akutt luftveisinfeksjon som har vore i nærkontakt med eit bekrefta tilfelle av covid-19. Kven som er nærkontakt blir avgjort av lokale helsemyndigheiter.
  • Spesielt sårbare grupper bør vurderast for testing sjølv ved milde symptomar.