Vanleg pass vil du framleis få fleire stadar, men snart er det berre Politiet sitt forvaltningssenter i Haugesund og politistasjonen på Stavanger Lufthavn Sola som vil tilby naudpass i Sør-Vest politidistrikt.
Vanleg pass vil du framleis få fleire stadar, men snart er det berre Politiet sitt forvaltningssenter i Haugesund og politistasjonen på Stavanger Lufthavn Sola som vil tilby naudpass i Sør-Vest politidistrikt. FOTO: Ellen Marie Hagevik/arkiv

Politiet stenger dørene i to veker

Hadde du planar om å få nytt pass dei neste vekene, lar det seg ikkje gjera.

Politiet har sett i verk ytterlegare tiltak for å førebygga koronasmitte og sikra ein god beredskap i heile landet. Det inneber blant anna at ikke-kritiske publikumstjenester som krev fysisk oppmøte stenger. I første omgang gjelde dette for to veker, men perioden kan bli forlenga, melder Politidirektoratet.

Tenestene som blir omfatta av tiltaket er pass, nødpass, levering av meldingar, hittegods, avtalar som omhandlar opphald og utlendingstenesta, våpen, Namnsmannen og Forliksrådet.

Politet ber om at publikum tar kontakt med sitt lokale politi for å gjera nye avtalar fram i tid. Når dei får meir oversikt over situasjonen, vil det bli lagt ut nye bookingtimar for pass. Publikum som har særlege behov som det må takast omsyn til, må kontakta politiet for å orientera om sin situasjon.

– Dette vil medføra ulemper for dei som blir ramma. Me ber om forståing for at politiet sin prioritet no er å sikra ein god beredskap i heile landet, og samtidig ivareta smittevernhensyn. seier assisterende politidirektør Håkon Skulstad.