- Digital tilgang er inkludert i abonnementet ditt om du har papiravisa, men me treng e-postadressa di for å senda deg tilgang, seier Susanne Lie Vallestad.
- Digital tilgang er inkludert i abonnementet ditt om du har papiravisa, men me treng e-postadressa di for å senda deg tilgang, seier Susanne Lie Vallestad.

Opne linjer, men stengd dør

Tips oss gjerne, men gjer det via mail og telefon. Korona-situasjonen kan føra til at det berre blir nettavis, så det er lurt å få seg digital tilgang så snart som råd.

Me vil i det lengste prøva å gje ut papiravis, men som for mange andre er det utfordringar i kvardagen. For å begrensa smitte, ber me om at lesarane våre ikkje kjem på besøk til Vestavind-kontoret.
Tips vil me gjerne ha, men bruk mail, telefon, Facebook og Messenger. Send oss gjerne lesarbrev og andre bidrag også.

Me er berre to i fullt arbeid for tida, og har innført heimekontor på skift. Vi følgjer råda som er gjeve om å unngå nærkontakt, og mykje av arbeidet blir gjort på telefon og mail.

Nettavisa blir stadig oppdatert, og det kan skje ting som gjer at det blir den einaste løysinga i ein periode. Til dømes kan tilsette bli sjuke eller sett i karantene, og det same kan skje for trykkeriet og distribusjon. Då blir det umogeleg å laga papiravis.

Få tilgang på nettavisa

Difor oppmodar me alle som ikkje har fått tilgang til nettavisa om å ordna dette så snart som råd.

– Digital tilgang er inkludert i abonnementet ditt om du har papiravisa, men me treng e-postadressa di for å senda deg tilgang. Me oppmodar alle våre abonnentar  om å senda mail til post@vestavind-sveio.no. Du kan også teikna berre digitalt abonnement, seier Susanne Lie Vallstad, fungerande dagleg leiar og marknadsansvarleg.

Me vil fortløpande senda ut brukarnamn og passord til innlogging, men ber om tålmod om det blir stor pågang.

– Om me skulle hamna i ein situasjon der me ikkje får levert papiravis, vil me prøva så godt me kan å halda nettavisa oppdatert. Då er det viktig at du har fått tilgang allereie no, seier Lie Vallestad.

– Nettavisa er ein ressurs

– At Vestavind ble etablert på nett, viser seg no å væra ein ressurs for Sveio. Vestavind har ei samfunnsoppgåve, og det ser me særleg i desse dagar. Mogelegheit for meir oppdaterte nyhende på nett gjer at Vestavind kan bidra til å vera limet mellom bygdene. Sjølv om aktivitetar er stengde ned, oppfordrar eg til å senda inn bilder og erfaringar som leserbrev seier styreleiar Bent Rune Sinnes.

Ting skjer fort, og då er det viktig å få ut informasjon til innbyggarane så raskt og bra som mogeleg. Alle samfunnsviktige saker vil vera opne på nettavisa.

– Staben er redusert grunna sjukemeldingar, og styret ber om forståing for om det blir færre papiraviser enn lesarane er vane med. Nettavisa er tilgjengeleg heile tida, og me ønskjer at Vestavind skal være best på Sveio. Hjelp oss med det, oppmodar Sinnes.