FOTO: Folkehelseinstituttet

Hald deg heime om du er forkjøla

Har du symptom på akutt luftvegsinfeksjon, hald deg heime, er siste råd frå Folkehelseinstituttet.

I helga vart den første pasienten med påvist korona innlagt ved Haugesund sjukehus. I Sveio er det registrert ein person som er smitta.

I dei andre kommunane på ytre Haugalandet er det talet på smitta tysdag føremiddag 17 i Haugesund, sju i Karmøy og fem i Tysvær. Ingen i Bokn har fått påvist smitte til no. På Stord er ein smitta, og i Vindafjord, som har vore utan påvist smitte til nyleg – er det stadfesta at to er smitta.

Nye råd

Folkehelseinstituttet gjekk måndag ut med nye råd om akutte luftvegsinfeksjonar. Har du akutte symptom – sjølv om du berre trur det er forkjøling – skal du halda deg heime. Og du bør halda deg heime eit døgn etter at du er symptomfri.

Er du ikkje i ei av av gruppene som ligg under dei siste testkriteriene, treng du ikkje å testast. Medan du er heime, skal du vera nøye med hand- og hostehygiene for å unngå og smitta andre.

Personar som har nærkontakt med personar som viser symptomer, kan framleis gå på jobb og treng ikkje gå i karantene. Dette gjeld også helsepersonell. Men ein må vera ekstra merksam, spesielt om ein sjølv viser symptomer, skriv Folkehelseinstituttet.