Ordførar Linn Therese Erve (Ap) deltok på Haugalandskonferansen og må no jobba heimanfrå.
FOTO: Privat

– Saman skal me kome oss gjennom dette

Kjære sveibu!

Dei sist dagane har vore uverkelege, og me ser at Noreg og lokalsamfunnet vårt i stor grad er stengd ned. Me er inne i ei krevjande tid for alle, der kvardagen vår er snudd på hovudet. Det er utfordrande for kvar og ein av oss, også for næringslivet.

Eg er sjølv sett i karantene sidan eg var deltakar på Haugalandskonferansen. Eg arbeider godt heimefrå med telefon- og videomøter, og nyttar gode råd og tips frå sosiale medier til ulike aktivitetar me kan gjera med barna heime, og korleis få skuledagen og arbeidsdagen til å fungere saman.

For no handlar det om å redusera smitte av covid-19 viruset. Koronaviruset er ikkje farleg for dei fleste av oss, men for dei som er i risikogruppene kan viruset få alvorlege konsekvensar. Dei inngripande tiltaka som no er sett i verk av regjeringa, er for å hindre at for mange er smitta på same tid, og for å redusere smitterisiko, særleg slik at dei i risikogruppene ikkje vert utsett for smitte.

Eg oppmodar på det sterkaste til å følge dei vedtaka som er sett i verk og dei råda helsemyndigheitene gir. Hald deg mest muleg heime! Ikkje la barn leike i grupper. Til ungdomane: finn andre arenaer å snakke saman, til dømes videochat. Har du symptom, også lette symptom på forkjøling, så må du gå ut frå at du er smitta og bør derfor halde deg i karantene. Har du ikkje symptom, så kan du gå tur, men unngå kontakt med andre. Sveio har fleire flotte turløyper som kan vere ei god anledning til å utforske no.

Dersom me no saman følger råda frå nasjonale myndigheiter og lokalt frå kommunen, trur eg me snarare kan koma attende til ein normal kvardag. Det er viktig at me står saman i den krisa me no er i, og hjelper kvarandre der me kan. Eg blir rørt over initiativ frå alle som vil hjelpe dei som treng hjelp. Tusen takk for den innsatsen alle frivillige gjer. Mitt råd er å ta imot hjelp. Er du i risikogruppa, så kan du få nokon til å handle for deg.

Støtt det lokale næringslivet ekstra no – dei treng det. Eg ser det er fleire lokale butikkar som tilbyr å køyre varer heim. Dette er eit flott tilbod som eg sjølve har nytta meg av.

Eg ber dykk vera kritisk til kva de deler på sosiale medier, der er det mykje feil info som blir gitt. Eg oppmodar til å halde dykk til informasjon som blir gitt frå helsemyndigheitene og Sveio kommune si nettside, som blir oppdatert fortløpande.

Som ordførar er det viktig for meg å seie at Sveio kommune gjer det ein kan for at de som innbyggararar skal vera trygge. Eg vil gje ein stor takk og ros til tilsette i kommunen som dei siste vekene har gjort ein enorm innsats i samband med korona-viruset. Eg vil og rette ein stor takk til alle dei som må på jobb i denne tida, til dømes helsepersonell, butikktilsette, tilsette i barnehage og skule, reinhalderar med meir. De gjer ein svært viktig jobb.

Til slutt vil eg seie at me saman skal kome oss gjennom dette. Hald humøret oppe. Vis omsorg. Ta ein telefon eller send melding til dine næraste. No må me ta vare på kvarandre utan å ta på kvarandre.

Beste helsing,

Linn Therese Erve, din ordførar.