- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland. FOTO: NAV

Vil ha kontakt med bedrifter som permitterer

Det er ein stor auke i talet på personar som registrerer seg hos NAV. Mange av dei er tilsett hos ein arbeidsgjevar som må permittera.

– Koronaviruset rammar alle næringar. NAV er førebudd på ein stor auke i tal personar som registrerer seg dei komande vekene. Signala me får frå bedriftene og andre er at svært mange er nødt til å permittera, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Ein arbeidsgjevar som skal permittera 10 eller fleire tilsette skal gje melding til NAV om dette så tidleg som mogleg, skriv NAV i ei pressemelding. Dette gjer dei ved å nytta skjemaet «Arbeidsgjevars meldeplikt til NAV ved masseoppseiing, permitteringar utan lønn og innskrenkningar i arbeidstida».

– Me oppmodar alle bedrifter om å varsla NAV. I tillegg til å varsla på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta direkte kontakt med oss. Dette for få ei rask avklaring av situasjonen og sørga for at bedriftene får naudsynt informasjon slik at både bedriftene og dei tilsette vert ivaretatt på best mogleg måte, seier Astrid Østerlid.

Det vil bli behov for arbeidskraft

Samstundes som arbeidsgjevarar varslar NAV ved permittering, må også arbeidsgjevarar som får behov for arbeidskraft ta kontakt.

– På grunn av koronaviruset vil det bli eit aukande behov for arbeidskraft innan fleire næringar. Me veit allereie no at det er eit behov på sjukehusa og i kommunale helse- og omsorgstenester. NAV førebur seg på at andre næringar også vil trenge relevant kompetanse, seier Østerlid.

Personar som registrerer seg hos NAV blir bedne om å fylla ut ein CV og jobbprofil. Det skal gjera det lettare for arbeidsgjevarar og NAV å finna rett kompetanse.

– Me oppmodar alle som registrerer seg hos NAV om å sørga for ein god og fullstendig CV. Alle bør tenkja på om dei har ein kompetanse som samfunnet vil få behov for i ein periode framover. Nokon som til dømes vert råka av permittering, kan ha kompetanse som det er behov for innan helse- og omsorgstenester, seier Østerlid.

Her finn du informasjon

Viktige nettsider for informasjon frå NAV i samband med koronavirus:

Koronavirus – informasjon frå NAV
NAV om permittering
Arbeidstilsynet om permittering