Ingunn Toft er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune.
Ingunn Toft er kommunalsjef for helse og omsorg i Sveio kommune. FOTO: Ellen Marie Hagevik/arkiv

Treng folk med helsefagleg bakgrunn

Ingen fleire er bekrefta smitta av korona i Sveio, men det vil nok komma. No førebur kommunen seg på vekene og månadane som kjem, og ber mellom anna folk med helsefagleg bakgrunn eller erfaring om å melda seg.

– Det er utruleg hektisk for mange, og eg har aldri opplevd noko liknande. Ting går veldig fort, og me har innført daglege nyhendeoppdateringar til dei tilsette slik at alle får all informasjon, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio kommune

– I tillegg til svært mange telefonar, er det møter og videomøter både internt og eksternt for å førebu og planlegga både dagen i dag og vekene og månadane som kjem. Det gjeld for alle delar av kommunen.

Rørt over responsen

Toft er letta over at det så langt er berre ein smitta i Sveio, men veit samstundes at dette vil endra seg. Og det kan skje fort. I Haugesund auka talet på smitta frå 10 til 17 på ein dag. Derfor ber kommunen no personar med helsefagleg bakgrunn eller erfaring om å melda seg for å få kartlagt kva ressursar ein har i kommunen.

– Me gjekk ut med dette på nettsida vår i går, og me har også snakka med folk me kjenner til. Eg er heilt rørt over responsen. Det er stor velvilje over alt, og folk er veldig fleksible, seier Toft.

Riggar seg for langvarig drift

Sidan få blir testa, reknar Folkehelseinstituttet med at det er store mørketal i forhold til kor mange som eigentleg er smitta. Så langt har dei fleste som er påvist smitta hatt mildt eller middels sjukdomsforløp.

Trongen for behandling på sjukehus har derfor ikkje vore så stor, men framover vil kapasiteten på sjukehusa blir sett på prøve. Kommunane er derfor pålagde å legga til rette for eigna stader der ein kan samla koronasmitta og gje behandling.

– Me er i full gong med å rigga oss for dette i samarbeid med Tysvær og Bokn. Det blir gjort ein stor dugnadsinnsats blant dei tilsette, og me planlegg saman for langvarig drift, seier Toft.

– Ikkje møt opp

Servicekontoret er stengt, men kommunehuset er ope. Det må det vera sidan det er både lege og tannlege i huset. Kommunalsjefen har ei oppmoding til dei som ikkje har heilt naudsynte ærend på kommunehuset

– Ikke møt opp sjølv om kommunehuset er ope. Servicekontoret er stengt for besøkande, men det er to tilsette på jobb som tek seg av telefonar og andre oppgåver. Ring dit om du har spørsmål, seier Toft.

Her finn du informasjon

Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med heilt andre oppgåver i dag? Då håpar Sveio kommune at du registrerer deg via deira digitale skjema. Det finn du her.

Kommunen tenkjer i første omgang på helsefagstudentar, medisinstudentar, sykepleierstudentar, vernepleierstudentar, personar med helsefagleg erfaring eller kompetanse (også innan privat verksemd).

Etter du har registrert deg, tek kommunen direkte kontakt når dei har behov for din kunnskap og kompetanse.