FOTO: Folkehelseinstituttet

Skal testast i Aksdal

Sveio kommune har inngått eit samarbeid med Tysvær kommune om testing for koronavirus.

Innbyggarar i Sveio kommune som innfrir dei til ein kvar tid gjeldande testkriteria skal testast i Aksdal. Har du spørsmål om smitte og om du bør testast, ring 52 75 74 00. Der får du svar mellom klokka 08.30–18.00 kvardagar og 10.00–14.00 i helger.

–          Me har samarbeid med Tysvær for å nytta helseressursane våre på best mogleg måte, og sikra ei løysing som skal driftast over tid. På den måten får me også betre nytte av smittevernutstyr, seier Ingrunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio kommune.

Har du spørsmål om eiga helse eller behov for hjelp, skal du kontakta fastlegen din, eller ring legevakta på 116 117 ved behov for akutt legehjelp etter kl. 15.30 og i helgene.

Det er Folkehelseinstituttet (FHI) som publiserer anbefalingar for kven som skal testast for koronavirus. Informasjon, oppdateringar og anbefalingar finn du på FHI sine nettsider.