Dronefoto frå Vikse.
Dronefoto frå Vikse. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Tenk deg om før du drar på naustet

I den nye forskrifta om karantene og isolasjon, er det forbod mot å bruka fritidsbustader, hytter og naust i andre kommunar enn der ein bur. – Ver mest mogeleg heime, er den klare oppmodinga frå ordførar Linn Therese Erve.

Den nye forskrifta frå Helse- og omsorgsdepartementet gjeld i første omgang til 1. april, men vil høgst truleg bli forlenga. Bryt ein forskrifta, risikerer ein bøter og inntil seks månaders fengsel. I høve til fritidseigedommar er det eitt unntak:

Strengt nødvendig vedlikehald, eller tilsyn som er nødvendig for å avverga store materielle skadar, er tillate.

Sveio er ein kommune med mange hytter og andre fritidseigedommar som naust med både lokale eigarar og eigarar frå andre kommunar. Det er ikkje forbod mot å vera på hytta eller naustet i eigen kommune.

– Bruk skjøn

– Eg tenker derfor at sveibuen kan bruka hytter og naust i Sveio, men oppmodar på det sterkaste å bruka skjøn i den samanheng. Ver mest mogeleg heime, og unngå nærkontakt med andre. Tenk over kvar du oppheld deg. Hensynet bak er å redusera smitterisiko, og ikkje setja ekstra, unødvendig press på kommunale helsetenester, seier ordførar Linn Therse Erve

Dersom ein drar til for eksempel naustet, ber kommunen på si nettside om at ein avgrensar det til korte besøk. Gjerne til tider på dagen då det er lite folk ute.

Kjem ikkje til å kontrollera

Ein viktig grunn til å halda seg heime, er at helsevesenet i den enkelte kommune er under sterkt press. At ein held seg så nær som mogleg sin fastlege, si legevakt og sitt sjukehus som ein kan, er nødvendig for at kommunane skal kunna yta god helsehjelp til sine innbyggarar.

– Me ber om forståing for at kommunen ikkje har kapasitet til å svara på detaljerte spørsmål rundt konkrete situasjonar for bruk av fritidseigedommar. Kommunen kjem heller ikkje til å sjekka om folk er på hytta, og me er derfor avhengige av at kvar enkelt tar gode val, seier ordføraren.