– Grunnen til at me lagar til ei slik innsamling av landbruksplast, er at det er få plassar bønder her i Sveio kan levera. Det er også for at me skal minska forureininga og ha mindre plast som flyt rundt i kommunen, seier ordførar Linn Therse Erve (Ap).
Innsamlinga går som planlagt, og det vert i løpet av arbeidsdagen fredag sett ut ein container ved brannstasjonen i Sveio og ein på idrettsplassen i Valstrand.
Vakter laurdag og sundag
Laurdag og sundag vil det vera vakter på plass mellom klokka 10.00 og 16.00. Så treng ein hjelp til å få lessa frå hengar til container, er dette eit godt tidsrom å komma på.
Det er viktig at ein tar omsyn til virussituasjonen som er no. For å ikkje utsetja kvarandre for unødig risiko, skal ein følgja dei sentrale råda som er gitt i forhold til smittespreiing.
- Vask hender, bruk hanskar ved levering.
- Hald avstand til kvarandre, minst 1 meter.
- For å unngå at det blir ein samlingsplass, skal ein forlata staden så snart plasten er levert.
Slik skal du sortera:
- Nett kan ikkje leverast, så dette må ein sortere ut og levere ein anna plass.
- Kvit og farga plast SKAL sorterast. Farga plast kan leverast i blanke plastsekker. Om det er mykje, skal det leggjast på toppen.
- PP-sekker kan leverast. Om du har fleire legg dei saman.
- Tomme og reingjorde syrekanner kan leverast. Desse må vera knytt saman og leggast på toppen.