nyhende
Koronasjukeheim står klar i morgon
Denne veka er det jobba langt utover vanleg arbeidstid for å få på plass eit tilbod til koronasmitta sjukeheimspasientar. I morgon skal koronasjukeheimen vera klar til å ta imot pasientar frå Sveio, Tysvær og Bokn.
Alle kommunar er pålagde å sørga for at dei kan gje forsvarlege tenester til innbyggarane, og med koronasituasjonen har dette gjeve kommunane nye utfordringar. Sveio kommune må mellom anna sørga for eit sjukeheimstilbod til koronasmitta sjukeheimspasientar.
– Dette er ei krevjande oppgåve for kommunane, og Sveio, Tysvær og Bokn har valt å samarbeida. Me har inngått avtale om felles drift av koronasjukeheim ved Sveio omsorgssenter, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio.
Får 14 rom
Tidlegare sjukeheimsrom, som dei seinare åra har vore nytta til kontor, blir no gjort om til sjukeheimsrom igjen. Pasientane som i dag er på denne avdelinga, vil bli flytta til ny avdeling.
– Då vil det bli frigjort ei avdeling med 14 rom til koronaavdeling. Romma vil også kunna nyttast som dobbeltrom om det vert stor pågang. Den klargjorte avdelinga vil stå klar til bruk fredag 20. mars. Mange tilsette, også frå andre sektorar enn helse og omsorg, har gjort ein fantastisk flott jobb med å sørga for arbeidet har kunna skje så fort, seie Toft.
Avdelingsleiar på plass
Marianne Bjelland, tidlegare leiar for Tenestekontoret, er tilsett som avdelingsleiar for koronaavdelinga. Ho er allereie i gong med å planlegge drift saman med Tysvær og Bokn.
– Avdelinga skal driftast av tilsette frå både Sveio, Tysvær og Bokn. Korleis omfanget av drifta blir er enno ukjent, då me ikkje veit om me vil få smitta pasientar, eller i kva omfang. Sveio kommune er saman med Tysvær og Bokn uansett klare til å yta gode tenester også til koronasmitta sjukeheimspasientar framover, seier Toft.
Mange har meldt seg
Ho kan gleda seg over at innsatsviljen også er stor blant personar med helsefagleg bakgrunn som ikkje jobbar med helse og omsorg til dagleg.
– Det er 27 helsearbeidarar som har meldt seg via registreringsskjemaet på nettsida til Sveio kommune. I tillegg har ein del meldt seg direkte til avdelingane. Dette er til dømes personar som har jobba hos oss tidlegare, som til dømes ferievikarar, seier Toft.