Dronefoto frå Vikse.
Dronefoto frå Vikse. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Forbod mot overnatting i fritidsbustadar vedteke

Den nye forskrifta Vestavind skreiv om onsdag, blei i går vedteke i stortinget. Det betyr at påboda i forskrifta no har trådd i kraft.

Og det betyr at det ikkje lenger er lov å overnatta på fritidseigedom i annan kommune enn der ein bur. Med eitt unntak, som står i andre avsnitt under:

Personer forbys å overnatte på fritidseiendom i annen kommune enn der vedkommende er folkeregistrert. Strengt nødvendig vedlikehold eller tilsyn som er nødvendig for å avverge store materielle skader tillates.

Personer som er i karantene etter § 2 fordi de deler husstand med en som er bekreftet smittet av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatte i fritidseiendom i annen kommune i perioden den smittede er i isolasjon etter § 4 i forskriften.

Kan ikkje gje dispensasjonar

Kommunen understrekar på si nettside at formålet med forbodet er å redusera risikoen for smittespreiing ved at folk held seg mest mogleg heime i eigen kommune. Ein bør derfor ta omsyn til dette i tolkinga av forskrifta, slik at ein ikkje ser på omgrepet «fritidseigedom» for snevert.

Så lenge du er folkeregistrert i ein annan kommune enn der du eig ein annan bustad – uansett om sistnemnde er formelt registrert som fritidseigedom eller ikkje – bør du ikkje overnatta i den andre bustaden, med mindre du altså kjem inn under unntaket i andre avsnitt i forskrifta.

Forskrifta har ingen heimel for kommunar til å gje dispensasjonar.