Fredag var det innspeling av musikkvideo i vindfulle Kvalsvik i Haugesund.
Fredag var det innspeling av musikkvideo i vindfulle Kvalsvik i Haugesund. FOTO: Skjermgrabb frå videoen

Musikalsk politiadvokat med koronasong

Det byrja med ein snapp frå kompisen og kona hans. No er koronasongen og videoen til sveibuen Sveinung Andersen på veg til å ta av på YouTube.

Opprinneleg er Andersen frå Lyngdal, men bur i Auklandshamn og jobbar som politiadvokat i Haugesund. Med heimekontor som mange andre i desse dagar. Men ikkje alle får til å omsetja oppbygd energi til ein så kreativ og humoristisk kommentar til korona-situasjonen.

– Det byrja med at kompis Kristoffer Isachsen og kona Malin sende meg ein snap der dei sat og åt middag. Ho seier «if you love me, leave me alone». Han svarar «it´s corona, it´s time to stay home». Og så lurte dei på om eg ikkje kunne laga ein song av dette, fortel Andersen.

Musikkvideoen kan du sjå her.

Laga på ein halvtime

Han har laga mange songar, men å skriva tekst og melodi på ein halvtime er ganske imponerande. Dette ble gjort onsdag kveld. Torsdag spela han inn songen, og fredag var det tid for eit luftig opptak i Kvalsvik i Haugesund.

Katamaranen frå Forsvaret var ikkje bestilt, men passa jo godt inn, seier Sveinung Andersen. FOTO: Skjermgrabb

– Ein skulle nesten tru at det var bestilt då ein katamaran frå Forsvaret dukka opp medan eg song «and restore the world peace», men det var altså ikkje planlagt, seier Andresen.

Engelsk tekst

Den musikalske politiadvokaten har allereie fått ein del respons på videoen, og det har til no berre vore positive kommentarar.

– Det er gøy med respons, og teksten er på engelsk for å nå ut til fleire. Heile verda er jo ramma av denne spesielle situasjonen.

Musikkvideoen blei lagt ut på YouTube fredag kveld, og laurdag føremiddag hadde den passert 1.500 visningar. Eit døgn seinare hadde over 6.000 sett videoen, og det er også laga ein versjon med teiknspråk. Døvetolken er ein av dei som tolkar for regjeringa på TV. Og ein kjenning av Andersen.