Blide konfirmantar klare med bøsser i fjor. F.v. Nikolas Nilsen Eintveit, Katrin Eldholm, Nikolai Lie Håvardsholm og Martin Bralid Almås
Blide konfirmantar klare med bøsser i fjor. F.v. Nikolas Nilsen Eintveit, Katrin Eldholm, Nikolai Lie Håvardsholm og Martin Bralid Almås FOTO: Privat

Samlar inn pengar på nett

Konfirmantane sin årlege bøsseaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp er avlyst på grunn av korona-situasjonen. I staden blir det mogeleg å gje pengar digitalt.

Den årlege fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp er eit sikkert vårteikn, med blide konfirmantar som går rundt med bøsser. I fjor var rundt 40.000 unge menneske i sving, og det vart samla inn 32 millionar. I Sveio kom det inn vel 50.000 kroner.

I år uteblir dette vårteiknet, men fasteaksjonen blir likevel gjennomført.

– For mange er det en kjærkomen tradisjon å stå klar med pengar til bøssene når konfirmantane kjem på døra. I år kan me ikkje samla inn pengar på denne måten, men det er fortsatt mogeleg å gje. Me brukar Facebook, vipps, sms og god gammaldags bankkonto for å samla inn pengar, seier sokneprest Gisle Sørhus.

Vann reddar liv

I 50 år har bistandsarbeid løfta millionar opp av fattigdom. Fasteaksjonen fokuserer på det heilt grunnleggande: Tilgang på reint vann.

Uten tilgang på reint vann, må ein bruka mykje tid på å få tak i vann. Dette går ut over tid til skule, arbeid og tid med vener. Drikk ein ureint vann, kan det gje mange forskjellige sjukdommar.

I år er det ekstra viktig med tilgang til reint vann med koronaviruset som herjar over heile verda. Har ein ikke reint vann å vaska hendene i, vil smitte spre seg raskare. Har ein andre sjukdommar frå før, vil korona ramma ein hardare.

Håper folk vil gje

– Me veit at det er dei fattige og sårbare som vil bli ramma hardast av pandemien. Me reknar også med at me vil få inn mindre pengar når me ikkje bankar på alle dører. Det er trist, men eg håper at me likevel kan klara å få inn ein del. I tillegg til å bygga brønnar, er Kirkens Nødhjelp allereie i gang med opplæring og informasjon om hygienetiltak, seier soknepresten.

Informasjon om korleis du kan bidra finn du på kyrkja si hjemmeside og facebookside.

Kort om fasteaksjonen:

  • Noregs nest største innsamlingsaksjon.
  • Samlar årleg inn rundt 35 millionar kroner.
  • På 50 år er det totalt samla inn 1,2 milliardar kroner.
  • I Sveio blir det årleg samla inn 50.000-60.000 kroner.