FOTO: Folkehelseinstituttet

Talet på personar med påvist smitte auka i helga

Måndag føremiddag var det framleis berre ein person med påvist koronasmitte i Sveio. Totalt er det no over 60 smitta på Ytre Haugalandet.

I Haugesund er talet gått opp til 27 med påvist korona ifølge VG.no si liveopdatering. Ni av dei nye tilfella i helga er knytt til Haugalandskonferansen, opplyser kommuneoverlege Jostein Helgeland til Haugesunds Avis.

På Karmøy er det 19 smitta, i Tysvær sju, og Bokn har framleis ingen med påvist smitte. Stord har tre, Bømlo to, Vindafjord tre og Etne tre.

Fem innlagt ved Haugesund sjukehus

Sidan berre visse pasientgrupper og helsepersonell blir testa, er det store mørketal. For å få betre oversikt over smittesituasjonen, gjekk Folkehelseinstituttet i helga ut og oppmoda folk om å registrera symptomar på nett.

Ved Haugesund sjukehus er det no fem pasientar som er innlagt med koronavirus. Éin av desse får intensivbehandling.

– Utviklinga er dessverre som venta. Det er dette vi har rigga oss for. No ser vi at tiltaka våre har vore nødvendige, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Han reknar med fleire innleggingar ved alle sjukehusa i føretaket den neste tida.

Pasientar og behandling

Helse Fonna kan ikkje gje informasjon om helsetilstanden til enkeltpasientar, men no når talet på innlagte stig, kan ein seia noko generelt om kva pasientgrupper som blir innlagt og kva behandling det kan vere aktuelt å gje.

– Det beste du og eg kan gjera er å leva så normalt som vi kan, innanfor dei reglane både regjering og kommune lagar for oss, seier Olav Klausen, adm. dir. i Helse Fonna.

Pasientar som blir lagt inn har gjerne dei kjente symptoma som hoste, feber og tungpust. Vanleg behandling for pasientar som ikkje treng intensivbehandling, er enkel pustestøtte med oksygentilskot, tilføring av væske, behandling for bakterielle infeksjonar eller behandling av andre tilstandar som er relaterte til den sjukdomen dei hadde frå før.

Dersom ein pasient treng intensivbehandling, kan vedkomande ha behov for meir avansert pustehjelp eller behandling og nøye overvaking av andre kritiske funksjonar i kroppen som nyrer eller hjarte.

Stort aldersspenn

–  Bildet vi ser stemmer overeins med det norske helsemyndigheiter har sagt, og med det som er kjent frå dei studiene som til no er publiserte. I den første fasen nå ser vi eit stort aldersspenn på pasientane som er innlagde, og fleire pasientar er under 60 år. Av dei som blir hardt ramma, er dei fleste eldre eller personar som frå før har ein kronisk sjukdom, seier Klausen.

Han håpar dette ikkje bidrar til uro i befolkinga, men snarare til forståing for dei strenge tiltaka som er innførte.

–  Det beste du og eg kan gjera er å leva så normalt som vi kan, innanfor dei reglene både regjering og kommune lagar for oss. Følg Folkehelseinstituttet sine råd om å halde deg heime når du kan, hald avstand til andre og hugs god handhygiene.

Siste oppdatering frå Helse Fonna

Innlagte pasientar med påvist Covid-19
Haugesund sjukehus: 5, ein auke på 3 i løpet av helga.
Odda sjukehus: 1
Stord sjukehus: 0

Av desse får følgjande pasientar for tida intensivbehandling: 1 vaksen på Haugesund sjukehus.
Helse Fonna opplyser om alder innan desse aldersgruppene for pasientar som får intensivbehandling: Barn (0-17 år), vaksen (18-64 år), eldre (65 år +).

Helseføretaket har 131 medarbeidarar i koronarelatert fråvere/karantene av totalt ca. 4.000 medarbeidarar. Det er ein stor nedgang frå 240 i helga.