Ungdomskoordinator Flemming Lothe går online for å oppretthalda kontakt med dei unge i Sveio. Han har også planar om å ta med to og to på fisketur i nærområdet.
Ungdomskoordinator Flemming Lothe går online for å oppretthalda kontakt med dei unge i Sveio. Han har også planar om å ta med to og to på fisketur i nærområdet. FOTO: Frida Hovland Jepsen

Ungdomsarbeidet går online

Det å ikkje få møta venner eller delta på fritidsaktivitetar går sterkt inn på mange barn og unge.

– Det er kjipt å vera ung i desse koronavirus-tider. Alle eg snakkar med gir uttrykk for at dei kjedar seg, og at dei saknar å vera med venene sine, fortel ungdomskoordinator i Sveio, Flemming Lothe.

Ungdomskoordinator Flemming Lothe går online for å oppretthalda kontakt med dei unge i Sveio. Han har også planar om å ta med to og to på fisketur i nærområdet. Foto: Selfie

Han er med i den nyoppretta gruppa som barn og unge i Sveio kan ta kontakt med om dei treng nokon å prata med.

Dei andre kontaktpersonane er sokneprest i Sveio, Gisle Sørhus, Anne Vierdal og Marit Opheim. Opplegget er i regi av Sveio kommune.

Les meir om dette her.

Nyttar alle mogelege kanalar

I følgje Lothe er dei fleste som tek kontakt i aldersgruppa pluss minus 14 år, og omtrent likt fordelt av gutar og jenter. Det er eit ope tilbod. Det treng ikkje vera noko spesielt, berre at dei ønskjer å prata litt.

– Det kan berre vera å prata på Facetime eller Snapchat, så skal me etterkvart prøva å vera meir kreative, kanskje konkurransar, for å få ungdomsarbeidet online. Det handlar om å vera i lag utan å vera i lag, seier Lothe.

Når Vestavind tek kontakt, er han i full gong med «Live Steaming» frå det vesle kontoret sitt i Vigdartun. Alle moglege kanalar blir nytta.

– Me veit det er tøffe tider for mange barn og unge i desse koronatider. Kvi deg ikkje for å ta kontakt med ein av oss i gruppa, oppfordrar Marit Harboe. FOTO: Privat

– Viktigast no er at ungdomane skal vita at me er her for dei, presiserer Lothe.

Mange reaksjonar

Lohte har fått mange reaksjonar på at ungdomane saknar sterkt det vande kvardagslivet sitt:

«Gleder meg te når me kan sitta i vaktbuo og snakka igjen», er meldinga som går igjen på facebook.

Andre spør: «Skjer det nåke spennande på Vigdartun?»

«– VM i venting. Spenningen e på topp, det skjer absolutt ingenting», er meldinga frå vaktbua.

Ikkje alle følgjer avstandsreglane

Anne Vierdal er ein av dei fire kontaktpersonane som barn og unge i Sveio no kan ta kontakt med. Foto: Einar Vestvik

Men det som Lothe er mest uroa for akkurat no, er at ikkje alle respekterer avstandsreglane. Det at ein skal vera minst ein meter, helst to, frå andre personar. Dette gjer det ennå verre for dei som faktisk respekterer reglane, meiner han.

– Ungdommar som heng i lag offentleg legg det ut på Snapchat, blant anna. Dei fleste pårørande er svært strenge på at borna skal vera heime, men eg trur ikkje alle foreldre klarar å styra dette.

koronasak

– Me er oppteken av å oppretthalda det sosiale tilbodet for dei unge i Sveio, og har ein låg terskel for samtalar og webmøter som me skal prøva å skapa. Målet vårt er at ungdomane våre skal føla seg sett og vera ein del av eit fellesskap, seier sokneprest i Sveio, Gisle Sørhus. Foto: Vestavind arkiv