Tidleg start for turorientering

Ifølgje Sveio O-lag er det mange som har etterlyst årets turorienteringstilbod i desse karantenetider. O-laget har derfor framskunda sesongstarten, og heile tilbodet med 120 turpostar i Sveio er nå tilgjengeleg.

– Folk lengtar etter å koma seg på tur. Dette er truleg einaste sportslege tilbodet i koronaviruset si tid som er godkjent og tilrådd av helsestyresmaktene, seier Thomas Førde i Sveio O-lag.

Ein må sjølvsagt ta omsyn til restriksjonar og påbod. Ikkje dra på tur om ein ikkje er frisk, og hugsa på å halda avstand til andre som er ute.

Smittefaren vert også redusert om ein lastar ned kart frå o-laget si nettside. Vil ein ha kartet med seg, må ein printa det ut.

Bokstavkodane på postane kan ein registrera på si side hos turorientering.no. Kart kan også kjøpast i butikk. Der følgjer det med deltakarkort som ein kan skriva ned alle kodane og senda inn etter sesongslutt. Sesongen varer til utpå hausten.