Me kan handla mat, henta medisiner på apoteket, lufta hunden og liknande, seier Guro Røher Eriksen.
Me kan handla mat, henta medisiner på apoteket, lufta hunden og liknande, seier Guro Røher Eriksen. FOTO: Arkivfoto

Klar til å gje praktisk hjelp

Ti frivillige har meldt seg til Sveio Frivilligsentral og tilbydd praktisk hjelp i samband med koronapandemien. Så langt har dei stått utan oppdrag.

– Me er enno i ein svært tidleg fase. Etter kvart som fleire i Sveio blir smitta og kanskje sjuke, reknar me med å få fleire spørsmål om hjelp. Men det er viktig å få ut informasjon om at me står til disposisjon, seier Guro Røher Eriksen ved frivilligsentralen.

Ho rosar dei ti frivillige som har meldt seg, og fortel at dei alle melde seg på eige initiativ, før frivilligsentralen gjekk ut og ba om frivillige.

Handla mat og henta medisin

– Det me kan tilby, er praktisk hjelp. Me kan handla mat for dei som treng det, henta medisiner på apoteket, lufta hunden og liknande.

Røher Eriksen reknar med at mange sveibuar har familie eller gode naboar rundt seg som også stiller opp med hjelp i desse dagar. Dei som ikkje har det, kan altså kontakta Sveio Frivilligsentral når som helst for å få praktisk hjelp.

Både om du vil hjelpa eller treng hjelp, kan du ta kontakt via telefon. Eller registrera deg via nett på Friskus.