Bømlafjordtunnelen open for fri ferdsel

Like før klokka 08.00 melde vegtrafikksentralen at eit vogntog hadde fått problem i Bømlafjordtunnelen.

Siste 11.30: Bømlafjordtunnelen er no open for fri ferdsel.

Vogntoget sto med blinkande naudlys og tunnelen vart steng. Eit kvarter seinare opna tunnelen med redusert fart og manuell dirigering. Deretter blei eit felt stengt og farten i tunnelen sett ned til 50 km/t.

– Politiet er på staden og blir der til bilbergar kjem og hentar vogntoget, seier vaktsjef Gunnar Sande ved Haugesund politistasjon tysdag morgon.

Tunnelen blir opna for normal ferdsel når vogntoget er fjerna.