Hugs endra tidfrist for helsingar og småannonsar frå og med neste avis.
Hugs endra tidfrist for helsingar og småannonsar frå og med neste avis. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Endring av tidsfristar

Vestavind har som alle andre fått kjenna på at ting er annleis i desse tider. Me har heimekontor, og ting må gjerast på litt andre måtar. Av praktiske årsaker ser me oss derfor nøydde til å endra på tidsfristar for gratulasjonar, helsingar og småannonsar.

Frå og med neste avis, blir siste frist måndag kl. 15.00.

Me kjem ut med påskeavis 2. april. Deretter blir det ikkje papiravis før 16. april på grunn av påsken. Fristane for første avis etter påske er måndag 6. april fordi me må laga ein del av avisa før påsken tek til.

Helsingar og gratulasjonar sender du til tips@vestavind-sveio.no. Eller du kan gå inn på nettavisa, klikka på dei tre meny-strekane oppe til høgre, velja Send inn helsing eller gratulasjon under Tenester, fylla ut og senda skjemaet.

Sidan kontoret er stengt på grunn av koronasituasjonen, kan me dessverre ikkje hjelpa til med å skanna bilder.