Sveio kommune fekk over 300 vernebriller frå Sveio Auto.
Sveio kommune fekk over 300 vernebriller frå Sveio Auto. FOTO: Sveio kommune

Sveio Auto med brilleutfordring

Det er mangel på smittevernutstyr i helsevesenet. Her kan me setja i gong ein dugnad, tenkte dei ved Sveio Auto.

Tal Helsedirektoratet har fått inn frå fylkesmennene viser at det mellom anna er trong for over 317.000 hanskar, 94.000 munnbind og 27.000 vernebriller i Vestland dei næraste vekene.

– Sjukehusa blir prioriterte når det er mangel på utstyr. Så me tenkte at her må me bidra til vår eigen kommune, seier Lillian Rommetveit, dagleg leiar i Sveio Auto.

Ideen kom frå kunde

Innspelet kom opprinneleg frå ein kunde som er sjukepleiar. Ho hadde fått beskjed om å ta med utstyr heimanfrå.

– Kunden kjøper fyrverkeri hos oss kvart år, og lurte på om me kanskje hadde vernebriller liggande. Det blei til slutt to store sekkar med vel 300 briller som vart overlevert til Sveio kommune. Dei vil i alle fall vera til hjelp ei stund, seier Rommetveit.

Utfordrar andre

Men det stoppa ikkje der. Rommetveit har teke kontakt med deira leverandør Svea, andre leverandørar i Noreg, samt ein del andre som driv med fyrverkeri, og oppfordra dei til å sjå kva dei kan bidra med. Dei er samtundes oppmoda om å utfordra andre.

– 300 briller er ikkje mykje i den store samanhengen, men om mange gjer det same, blir det fort eit stort bidrag. Utfordringa går også til alle bedrifter i Sveio som har noko dei kan bidra med, seier Rommetveit.

Sveio kommune er svært takksam for bidraget. Dei seier tusen takk! i ei melding på nettsida si.