Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

To mista førarkortet

Utrykningspolitiet hadde mellom 09.00 og 12.20 i dag fartskontroll på E 39 ved Haukås.

UP er ikkje mindre på vakt, sjølv om trafikken har minka dei siste vekene. E 39 ved Haukås er ein av stadane det ganske ofte er fartskontrollar i vårt distrikt. Likevel brukar politiet å få god «fangst» her.

Dagens kontroll var ikkje noko unntak. Sju førarar fekk forenkla førelegg for for høg hastigheit. To mista førarkortet. Den eine på grunn av altfor høg fart, 89 km/t, i 60-sona. Den andre på grunn av for mange prikkar i førarkortet.

Får du åtte prikkar i løpet av tre år, mister du førarkortet for eit halvt år.