nyhende
Brå koronastart for ny leiar
Åkrabuen Rolf Einar Amdal (57) hadde berre så vidt tatt til i ny jobb som leiar for Solgry i Sveio før koronakrisa slo til med full tyngde.
Leirstaden er stengt for alle aktivitetar til over påske, men reknar med at det blir lenger.
– Me kjem nok til å tapa fleire 100.000 kroner denne våren, konstaterer Amdal.
Ingen av dei tre fast til sette blir likevel permitterte i første omgang. I staden vil dei bruka tida til ein del vedlikehaldsarbeid som dei elles ikkje får tid til når det er fulll drift.
– Blir krisa langvarig, må me sjølvsagt vurdera andre tiltak saman med styret, seier Amdal.
Frå byggebransjen
Samstundes har også Amdal vendt seg til Sveio kommune og tilbydd utleige av lokala som nå står ledige. Så langt har ikkje kommunen hatt bruk for dette tilbodet.
Den nye Solgry-leiaren har bakgrunn frå byggebransjen. Det kjem godt med når første oppdrag ser ut til å bli vedlikehald. Han har også erfaring frå liknande drift som den han nå har overteke ansvaret for i Sveio. Frå 2004 til 2006 var Amdal leiar for Norsk Luthersk Misjonssamband sin soldatheim i Bardu i indre Troms.
– Soldatheimen fungerer omtrent som ei sjømannskyrkje for soldatane som er inne til førstegongsteneste, forklarar han.
Blir pendlar
På Solgry får Amdal ansvaret for leirar og andre arrangement først og fremst retta mot barn og unge. Dette er aldersgrupper som han også er svært oppteken av. Og han har lang erfaring som friviljug barne- og ungdomsleiar innan ulike organisasjonar.
Den nye Solgry-leiaren er gift og har tre barn. Familien tek sikte på å bli buande i Åkrehamn. Amdal blir pendlar og reknar med å ha lange dagar den tida han er på Solgry. Mellom anna skal han gå inn i ein turnus med vakt tredje kvar helg.