nyhende
Kvardagen er snudd opp ned
Kvardagen er no forandra, og verda er snudd på hovudet. Kva tenkjer ungdommane om dette, og korleis fungerer eigentleg heimeskule? Me har spurt fem ungdommar om det. Ein av dei har laga denne saka.
Mitt namn er Frida Hovland Jepsen. Eg er 16 år og avgangselev ved Sveio skule. Eg, som alle andre skuleelevar i Noreg, har no fått heimeskule på grunn av den nye og ukjente viruspandemien korona.
Samstundes med at dette er ein ny og kjip situasjon, betyr det også at eg har meir tid til andre ting, som å skriva for Vestavind.
Omvent kvardag
Som alle andre skuleelevar i Noreg, har kvardagen min på sett og vis blitt snudd på hovudet. Eg har alltid hatt ein vane med å stå opp, dra på skulen, for så å koma heim igjen.
Det å få kvardagen snudd om på, kan vere hardt. Difor er det ennå viktigare å halda på rutiner. Eg gjer mitt beste på å halda meg innanfor skuletidene som me vanlegvis har. Dette håper eg fleire også gjer- Sjølv om me ikkje drar på skulen, er skuledagane fortsatt der, og alle forventar at du deltar.
Hald deg i aktivitet
Noko som er lett å gløyma når me sit i karantene, er å halda seg aktiv. Gå deg ein tur. Gjer litt yoga, eller tren styrke. Det er fortsatt mange moglegheiter, sjølv om du ikkje har ein trenar til stades.
Eg har lært at du alltid skal prøva å sjå det lyse i ting, uansett kor kjip situasjonen er. Facetime venene dine. Tilbring tida med familien din. Sett pris på livet.
På oppdrag for Vestavind har eg snakka med fire andre ungdommar og stilt desse spørsmål:
1. Korleis er skuledagen din?
2. Kva gjer du på fritida no?
3. Kva synest du om dei strenger reglane alle må forhalda seg til?
Namn: Ingrid Helgesen, 15 år
Busett: Fjellstad
Elev: 10. klasse på Sveio Skule
1. Skuledagen og arbeidsplanen er nokså tilpassa. Sjølv om lærarane har eit ønskje om at vi startar skuledagen slik vi alltid gjer, så er dei svært fleksible. Det er ein del å gjera, men det er vel heilt innanfor no som vi ikkje har ordentleg skule?
2. Fritida mi er snudd heilt på hovudet. Til vanleg går eg på volleyballtrening to gonger i veka. No går det ein del i Netflix og facetiming med vener på grunn av Covid-19.
3. Regelverket er litt strengt, men dei gjer jo det beste for å halda mest mogleg av befolkninga friske. Eg håpar berre dette går kjapt, slik at eg kan treffa venene mine igjen.
Namn: Thomas Haaversen, 15 år
Busett: Rophus
Elev: 10. klasse på Sveio Skule
1. Skuledagen er heilt ok. I lengda er det kjedeleg, men det er då venene kjem inn.
2. No som det er heimeskule har eg meir tid til speling. Bassen er også prioriteringa mi no.
3. Eg synes ærleg talt at reglane er blitt litt for strenge. Synes godt dei kunne vore litt mildare.
Namn: Tomas Dale, 14 år
Busett: Fjellstad
Elev: 9. klasse på Sveio Skule
1. Heimeskulen vår fungerer slik at lærarane våre legg ut arbeid, som me elevar skal jobba med og fullføra i løpet av veka.
2. Covid-19-viruset har gjort at alle treningane eg vanlegvis har no er avlyst. Eg får heller ikkje vera med vener. Som mange andre ungdommar går fritida mi til Fifa-speling og youtubevideoar.
3. Skal eg vere heilt ærleg, så synes eg at reglane kom litt for seint. Desse tiltaka burde blitt iverksatt mykje tidlegare. Likevel er det jo godt at dei har kome. Det er viktig at vi minsker smittefaren.
Namn: Mina Vikse Aasland
Busatt: Auklandshamn
Elev: 9. klasse på Sveio Skule
1. Arbeidsplanen er lagt opp svært godt. I starten av veka får vi tilsendt planen, som må vere unnagjort til slutten av veka. Om det er noko vil lurer på, er lærerane tilgjengelege på mail og mobil. I tillegg til dette har vi møter nokre gonger i veka.
2. Fritida mi no er veldig tom. Det går mykje i seriesjåing og telefonbruk. Eg prøver også å trena og gå tur, men eg merkar svært godt at eg ikkje har venene mine rundt meg.
3. Reglane som er kome er heilt innanfor. Eg håpar berre alle følgjer dei, slik at ting ikkje blir verre enn det no er. Eg kryssar fingrane for at situasjonen snart tek slutt.