nyhende
Sikrar apoteket for både kundar og tilsette
Sveio senter er langt stillare enn vanleg, men for dei tilsette i Apotek 1 er det travle dagar. – Me har organisert oss i team for å sikra at me kan halda ope lengst mogeleg, seier dagleg leiar Younes Bakali.
Matvarebutikkar og apotek er samfunnskritiske verksemder som er viktige å halda opne. Hos Apotek 1 Sveio er dei tilsette no delt i to team som er på jobb annankvar dag.
– Dette var me tidleg ute med å gjera for å sikra at me kan halda ope om nokre av dei tilsette får luftvegssymptomar eller må i karantene. På kvardagar er opningstida redusert med ein time, men ellers har me klart å halda ope som vanleg, seier Bakali.
Det er gjort ein rekkje smitteførebyggande tiltak. Eit av dei er å stenga porten inn til senteret, slik at det no berre er ein inngong utanfrå. Dette gjev betre kontroll på kven som kjem og går. Maksimum fem kundar får vera inne samstundes for å sikra at ein har nok avstand både mellom kundar og tilsette.
Plexiglas i kassane
– Det er fort gjort å gløyma seg og lena seg fram nærare enn ein meter når ein står ved kassen. Me måtte til slutt setja opp korger som fysisk barriere. No har me fått på plass plexiglas i alle kassane for å beskytta mot dråpesmitte. Men korgene blir ståande som ei ekstra påminning, seier Bakali.
Han fortel at dei til liks med butikkane opplevde hamstring av medisinar den første veka etter 12. mars. No er det strenge, midlertidige reglar og restriksjonar på kor mykje kvar kunde får handla. Også for enkelte reseptfrie legemiddel og varer som smertestillande.
– Me har hatt enorm pågang frå bekymra kundar som er avhengige av ulike typar medisinar. Med restrikasjonane som er innført, har ein sikra at det aller meste av medisinar er tilgjengeleg framover, seier Bakali.
Har funne gode løysingar
Den første veka etter 12. mars tredobla apoteket omsetnaden. No er dei tiltake til normale dagar, men også travlare dagar sidan færre er på jobb samstundes. Dei som har prøvd å ringa apoteket, har merka at det ikkje er lett å få svar.
– Me må prioritera kundane som er i apoteket først. For dei som ikkje bør eller kan koma til apoteket, har me funne gode løysingar både for klargjering, henting og betaling. Mange har også funne ut at nettet er eit godt alternativ. Både til å handla medisinar og sjekka reseptar. Apotek 1 har hatt ei nettløysing for dette lenge, og no ser det ut til at kundane for alvor tek den i bruk, seier Bakali.
Bokhandelen opnar igjen
Halvparten av verksemdene i Sveio senter har no stengt. Frisøren måtte stenga på dagen då første runde med strenge restriksjonar kom. Bakeriet og bokhandelen følgde etter for snart to veker sidan.
Dagleg leiar Åse H. Holgersen Katla i Sveio Libris & Ringo vart sett i karantene, og dei tilsette permitterte. Nyleg la bokhandelen ut at butikken opnar igjen 2. april.
I ei melding til Vestavind skriv Holgersen Katla at ho gler seg til å opna før påske. Det blir med reduserte opningstider sidan ho er den einaste på jobb. Ho vil også kjøra ut varer til kundar som ønskjer det.
– Hald fram med dugnaden
– Dette er ein dynamisk situasjon som både me som eigarar av senteret og butikkane må forhalda oss til. Til liks med kundane, som har blitt langt færre for ein del av butikkane. Dette, saman med at ein må sikra helsesituasjonen til dei tilsette, har gjort at nokre av butikkane har måtta stenga midlertidig, seier Sissel Lier Høiness.
Ho er ein av eigarane både til Sveio senter og Sveio Libris, og understrekar at senteret vil halda ope så lenge det er verksemder i drift der.
– Apoteket og Extra har viktig samfunnsfunksjonar og vil halda ope så lenge dei kan. Både dei og me er med på den nasjonale dugnaden, og det er viktig at kundane også er det og tek naudsynte omsyn når dei handlar, seier Lier Høiness.