MF «Solskjel» er på veg frå Hardanger for å gå inn i det midlertidig stengte Buavåg-Langevåg-sambandet.
MF «Solskjel» er på veg frå Hardanger for å gå inn i det midlertidig stengte Buavåg-Langevåg-sambandet.

Ferjesambandet er i normal drift

Ferjesambandet mellom Buavåg og Langevåg er stengt inntil vidare. Årsaka er at ferja gjekk på grunn søndag kveld. – Me jobbar for å bemanna ei alternativ ferje så snart som råd, seier regionleiar Geir Vangen i Fjord1. Klokka 21.00 var sambandet i normal drift igjen.

Siste klokka 20.40: Rute 1011 Langevåg – Buavåg: Sambandet tilbake i normal drift frå klokka 21.00 i kveld, melder Fjord1.

Siste klokka 16.00: MF «Solskjel», ei av reserveferjene til Fjord1 som ligg i Hardanger, er no på veg og vil bli sette i rute så snart det er praktisk mogeleg.

– Ferja har ein kapasitet på 35 personbilar og 198 passasjerar. MF «Bømlafjord» har plass til 50 bilar. No under koronakrisa er det betydeleg færre reisande per tur, så kapasiteten er meir enn stor nok på reserveferja, seier Vangen til Vestavind måndag ettermiddag.

Gjekk på grunn sundag kveld

Meldinga om grunnstøtinga kom inn til operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt via Hovedredningssentralen klokka 22.30 sundag kveld. Då hadde MF «Bømlafjord» hatt ei mindre landkjenning i innseilinga til Buavåg.

Om bord var det to passasjerar og fem mannskap. Ferja blei slept til Langevåg kai på Bømlo, og kaptein og styrmann vart avhøyrte av politiet. Det er ingen mistanke opp promille, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon måndag morgon.

Fjord1 melder at sambandet er stengt inntil vidare. Dei kan per no ikkje seia når det vil vera resereferje på plass.

Ingen skadde

– Me er leie oss for dei problema dette medfører for dei som brukar sambandet, men glade for at ingen blei skadde. Når først uhellet skulle vera ute, er dette heldigvis eit samband der det er omkjøringsmogelegheiter, seier regionleiar Geir Vangen i Fjord1 til Vestavind måndag morgon.

«Bømlafjord» tok ikkje inn vatn etter grunnstøytinga, men hadde ikkje framdrift. Fleire fartøy kom til, og ferja fekk slepehjelp til Langevåg.

– Me er i full gang med å undersøka omfanget av skadane og finna ut kva som skjedde. I tillegg har me sidan tidleg i dag jobba for å skaffa mannskap og bemanna opp ei reserveferje i sambandet. Det er litt utfordrande i desse koronatider, men me står på for å få sambandet opp og gå igjen så raskt me klarar, seier Vangen.