Brannvesenet kom raskt til staden.
Brannvesenet kom raskt til staden. FOTO: Arne Valen

Måtte skjera opp vegger og golv

Sundag ettermiddag rykka brannvesenet ut til Ålfjordvegen. Der var det meldt om kraftig røykutvikling i ei hytte der det budde to personar.

 

Meldinga kom klokka 15.30 sundag. Då brannvesenet kom fram kort tid etter, var det svært mykje røyk. Dei to som budde der, hadde kome seg velberga ut og var ikkje skadde.

– Bustaden er ei hytte som det bur folk i fast. Dei hadde fyrt i omnen, og det utvikla seg til ein pipebrann. Det blei etter kvart så varmt i treverket rundt pipa at det tok til å ulma og utvikla mykje røyk, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon måndag morgon.

Var ikkje opne flammar

Det var ikkje opne flammar, og brannvesenet måtte skjera opp både vegger og golv rundt omnen og pipa for å sløkka ulmebrannen. Rundt klokka 17.30 hadde dei kontroll på situasjonen.

– Ulmebrannar er utfordrande og kan blussa opp igjen. Brannvesenet har derfor følg opp med å kontrollera og eventuelt ettersløkka, opplyser vaktsjefen.

Hytta er ubebueleg, og dei som budde der må finna seg midlertidig bustad.