nyhende
Ny runde om badeanlegg
I ettermiddag startar ein ny runde i politiske organ i Sveio om bygging av badeanlegg. Rådmannen går inn for at saka blir skrinlagt i denne omgang.
Alle dei tre hovudutvala, oppvekst og kultur, helse og omsorg og teknisk og næring, har møte i ettermiddag. Og alle tre utvala skal behandla ei utgreiing frå rådmannen om badeanlegg. Dette er ei sak som skal gå vidare til formannskapet, og til slutt avgjerast av kommunestyret.
Bygging av eit folkebad i Sveio var ei av dei store sakene i forrige kommunestyreperiode. På eitt tidspunkt gjorde kommunestyret vedtak om å byggja anlegget i samarbeid og samlokalisert med Albatross Senter. Forhandlingane med Albatross førte ikkje fram, og kommunen kjøpte derfor inn ei tomt aust for kyrkja til badeanlegget. Betydeleg kostnadssprekk førte til at byggeplanane blei stoppa i juni i fjor.
Ny utgreiing til behandling
Rådmannen innstilte også den gongen på å skrinleggja planane heilt, men kommunestyret ba samrøystes administrasjonen om å utgreia alternativ for eit mindre og rimelegare anlegg. Det er denne utgreiinga som nå ligg føre.
Den nye utgreiinga inneheld fleire alternativ. Arkitektfirmaet Vikanes Bungum har utarbeidd ei skisse for ein symjehall mellom Vigdartun og idrettsbanen. I dette alternativet er det også skissert plassering av ein framtidig idrettshall bak badeanlegget.
Bygging av eit mindre anlegg aust for kyrkja, eventuelt i samlokalisering med andre publikumsretta tilbod, er også nemnt. Albatross Senter AS melde oppbod i mai i fjor. Den nye eigaren av Albatross, Habitat Eiendom AS, har kome på banen med eit nytt tilbod om samarbeid med kommunen om bygging av badeanlegg.
Endå eit alternativ har kome frå Haugesund Triathlonklubb om skulesymjing og symjeopplæring i symjehallen som klubben nå byggjer i Haugesund.
Ulike signal på førehand
Det er alle desse alternativa politikarane nå skal ta stilling til. Ordførar Linn Therese Erve (Ap) vil ikkje seia noko på førehand om korleis Arbeidarpartiet sine representantar vil stemma.
Høgre sin gruppeleiar John Kristian Økland fortel at dei kjem til å gå inn for å utgreia bygging av badeanlegg og fleirbrukshall/idrettshall ved Vidartun innanfor dei rammene som blei sette i juni i fjor. Forslaget vil få Kristelig Folkeparti si støtte, signaliserer Jarle Jacobsen. Økland håpar også på støtte frå Senterpartiet og MDG.
– Framstegspartiet vil gå inn for bygging av ny veg og tilrettelegging av tomt til badeanlegg og flerbrukshall snarast, seier Ruth G. Ø. Eriksen, som dermed meiner badeanlegget må koma ved Vigdartun.
Rådmannen går imot alle alternativa i denne omgang og meiner det renoverte bassenget ved Sveio skule kan nyttast til symjeopplæring ei god stund framover.
Les meir om saka i papiravisa torsdag